Wilton Felder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilton Felder i 1978

Wilton Lewis Felder (fødd 31. august 1940 i Houston i Texas)[1] er ein amerikansk saksofonist og bassist, mest kjend som eit av medlemmane som starta The Jazz Crusaders, seinare kjend som The Crusaders. Felder, Wayne Henderson, Joe Sample og Stix Hooper starta gruppa då dei gjekk på skulen i Houston. The Jazz Crusaders utvikla seg frå ein rein jazzcombo til eit banebrytande jazz-rock-band, med innslag av soul. Felder arbeidde me gruppa i over tretti år.

Felder spelte òg ein del som studiomusikarar, hovudsakleg då som bassist, for mange artistar. Han var ein av dei tre faste bassistane til Motown Records, då selskapet byrja å spele inn musikk i Los Angeles tidleg i 1970-åra. Han spelte på innspelingar med Jackson 5 som «I Want You Back» og «The Love You Save», for Marvin Gaye og Grant Green. Han spelte òg bass for softrockgrupper som America og Seals and Crofts. I tillegg har han spelt på John Cale-albumet Paris 1919 og Billy Joel-albuma Piano Man og Streetlife Serenade. Han var ein av tre bassistar på Randy Newman sitt Sail Away (1972) og Joan Baez sitt Diamonds & Rust. Felder spelte òg med Joni Mitchell og Michael Franks.

Han gav ut eit soloalbum, Secrets, med Bobby Womack på vokal, som nådde 77. plassen på UK Albums Chart i 1985.[2] Albumet inneheld den vesle hitten «(No Matter How High I Get) I'll Still be Looking Up to You» sungen av Womack og Alltrinna Grayson.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo

  • We All Have A Star (MCA, 1978)
  • Inherit The Wind (MCA, 1980)
  • Secrets (1983)
  • Love Is A Rush (1987)
  • Forever, Always (PAR, 1992)


Med John Cale

Med Dizzy Gillespie

Med Richard «Groove» Holmes

Med Milt Jackson

Med Shuggie Otis

Med Grant Green

Med John Klemmer

Med Charles Kynard

Med Joni Mitchell

Med Jimmy Smith

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. IMDb.com
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 197. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]