Winchester Model 70

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Winchester Model 70

Winchester Model 70 er eit repetergevær med boltmekanisme produsert av Winchester Repeating Arms.

Model 70 har vore i produksjon sidan 1936. Rifla har opp gjennom åra kome i forskjellige form og i forskjellige kaliber. Rifla har vore særs populær i USA til sivilt bruk.

Dei første modellane som vart produsert frå introduksjonen i 1936 fram til 1963, vert i dag kalla Pre-64. Desse har ein boltmekansime som er særs lik ein Mauser M98-mekanisme, som har ein stor klo-utdragar og kontrollert mating. Etter denne kom ein modell som har såkalla push-feed (dyttemating) mekanisme. I dei seinare åra gjekk ein nesten tilbake til originalen som då fekk namnet Classic. Ein Classic og ein Pre-64 er altså ikkje det same.

Dei seinare åra vart kvaliteten særs variabel, og i 2006 vart den gamle fabrikken i New Haven i Connecticut lagt ned. Det var Browning som eigde den gamle Winchester fabrikken, og Browning vert igjen eigd av FN Herstal. Så i 2008 starta Browning opp med nyproduksjon av Winchester M-70 på FN Herstal's fabrikk i Columbia i Sør-Carolina.

Dei nye modellane vert produsert etter høgare kvalitetskrav enn på den gamle fabrikken. Den nye modellen har òg fått ein heilt ny avtrekkarmekanisme som er særs god.

Det kan nemnast at eldre våpen av typen Pre-64, er i USA ettertrakta blant samlarar.

Kaliber[endre | endre wikiteksten]

Modell 70 har blitt levert i følgjande kaliber: .22 Hornet, .22-250 Remington, .223 WSSM, .225 Winchester, .220 Swift, .243 Winchester, .243 WSSM, .250-3000 Savage, .25-06 Remington, .25 WSSM, .257 Roberts, 6,5 x 55 mm Mauser, .264 Winchester Magnum, .270 Winchester, .270 WSM, 7 x 57 mm Mauser, .284 Winchester, 7 mm Remington Magnum, 7mm WSM, .300 Savage, .30-06 Springfield, .308 Winchester, .300 H&H Magnum, .300 Winchester Magnum, .300 WSM, .300 RUM, 7,92 x 57 mm Mauser, .325 WSM, .338 Winchester Magnum, .35 Remington, .358 Winchester, .375 Holland & Holland Magnum, .416 Remington Magnum og .458 Winchester Magnum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]