Windsor i Berkshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Windsor

Windsor Bridge, Windsor og Windsor Castle
Windsor Bridge, Windsor og Windsor Castle
Plassering
Windsor i Berkshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Berkshire
Distrikt Windsor and Maidenhead
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

26 885
Koordinatar 51°29′″N 0°37′″WKoordinatar: 51°29′″N 0°37′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SL4
Telefon-retningsnummer 01753
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Windsor i Berkshire

Windsor er ein liten by i Berkshire i England. Han ligg sørvest for London, kort veg utanfor bygrensen, og sør for Themsen. Byen høyrer til den sameinte styresmakta Windsor and Maidenhead.

Windsor er mest kjent for Windsor slott, ein av dei offisielle residensane til den britiske kongefamilien. Det vart opphavleg bygd av Vilhelm Erobraren på 1000-talet, og er sidan endra og utvida ei rekkje gonger. På grunn av slottet har byen to jernbanestasjonar, eit teater og fleire nokså store hotell og fasilitetar ein elles forbind med noko større byar.

Legoland Windsor ligg òg i byen, på eit stad der det tidlegare låg ein safaripark.

Byen Eton ligg heilt inntil, og er forbunde med Windsor via ei bru over Themsen. Ho var tidlegare open for biltrafikk, men er no berre for fotgjengarar, og har dermed skapt ein god gangveg mellom Windsor sentrum og hovudgaten i Eton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]