Windward Passage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Windward Passage markert i raudt.

Windward Passage er eit sund i Det karibiske havet, mellom øyane Cuba og Hispaniola, eller meir spesifikt mellom dei austlegaste områda av Cuba og det nordvestlege Haiti.

Sundet er 80 km breitt og har ei djupne på ned mot 1700 meter.

Sundet går mellom Atlanterhavet og Det karibiske havet og ligg i den direkte skipslinja mellom Panamakanalen og austkysten av USA.

Frå anten austsida av Guantánamoprovinsen på Cuba, eller vestenden av departementet Nord-Ouest i Haiti, er det mogeleg å sjå lys på den andre sida av Windward Passage.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 20°N 74°W