Winnebago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Winnebago, òg kalla Ho-Chunk, er ein indianarstamme som opphavleg heldt til nord for Lake Winnebago i det noverande Wisconsin i USA. No bur ein del i dette området og ein del på eit reservat i Nebraska. Språket høyrer til sioux-familien. Sjølv kallar dei seg hochungra, som tyder 'opphavsspråk-folket'.

Den tradisjonelle tilpassinga til winnebagoane liknar på tilpassinga til naboane algonkin, med jakt og sanking kombinert med eit forholdsvis rudimentært jordbruk basert på mais, graskar og tobakk. I tillegg dreiv dei ei omfattande villris-sanking. Sjølv om winnebago var og er skogsindianarar, var den språklegkulturelle tilknyttinga til slettelandet og prærien tydleg. Dei kryssa Mississippielva på store jaktekspedisjonar etter bison, og slektskapssystemet deira, religiøse førestillingar, klesdrakter og dekorasjonar hadde òg meir slettelandskarakter. Derimot var neverkanoane, trugene, berenetta og mokasinane typisk for skogslandet.

Etter tilkoma til dei kvite vart winnebagoene, i likskap med andre skogsindianarar, trekt inn i pelsdyrfangsten. I løpet av 1800-talet vart dei utsett for eit stadig sterkare press frå styresmaktene som førde til at dei måtte avstå store landområde og vart tvangsforflytta, først til Iowa i 1840, såg til Nebraska i perioden 1863–1865. Dagens Wisconsin-gruppe er etterkomarar av den halvparten av stammen som forlét Nebraska og drog heim i 1880-åra.

Folketalet er vorte rekna til kring 3800 i 1650. Etter sterk nedgang fram til slutten av 1800-talet som følgje av krig, epidemiar og overgrep har mengda auka, og i 1990 vart den totale folkesetnaden oppgjeve til 6920, der 1600 høyrde heime på Nebraska-reservatet. Berre ca. 10 % nyttar morsmålet regelmessig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]