Winnipeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Winnipeg
City of Winnipeg

Med klokka frå toppen: Sentrum med Legislative Building, The Forks, Portage and Main med Richardson Building og Canwest Place, Assiniboine Park Pavilion, Osborne Village, Esplanade Riel
Med klokka frå toppen: Sentrum med Legislative Building, The Forks, Portage and Main med Richardson Building og Canwest Place, Assiniboine Park Pavilion, Osborne Village, Esplanade Riel
Flagget til City of Winnipeg Byvåpenet til City of Winnipeg
Flagget til City of Winnipeg Byvåpenet til City of Winnipeg
Kallenamn
«Gateway to the West, Heart of the Continent, The Peg»
Motto
«Unum Cum Virtute Multorum»
(Ein med styrken til mange)
Plassering
Winnipeg is located in Manitoba
Styresmakter
Land Flag of Canada.svg Canada
Provins Manitoba
Administrativ region Winnipeg Capital Region
Grunnlagd 1738
Borgarmeister Sam Katz
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

464,01 km²
448.92 km²
5302.98 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

633 451
  1 365,2 /km²
641 483
694 668
Koordinatar 49°53′58″N 97°08′21″WKoordinatar: 49°53′58″N 97°08′21″W
Høgd over havet 238 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer R2C–R3Y
Telefon-retningsnummer 204
Nettstad: www.winnipeg.ca

Winnipeg (uttalt /ˈwɪnɨpɛɡ/) er hovudstaden og største byen i provisen Manitoba i Canada. Han ligg nær den midtre breiddegraden i Nord-Amerika, i kryssinga for dei historiske elvene Red og Assiniboine, eit punkt som i dag blir omtalt som The Forks (Skiljevegane). Winnipeg er eit kulturelt og økonomisk regionssenter, og over halve folkesetnaden frå Manitoba bur i og rundt storbyområde som er det åttande største storbyområde i Canada og den sjuande største kommunen. Folkesetnaden i storbyområdet var den 1. juli 2008 på kring 719 200 innbyggjarar. Ein person frå Winnipeg blir kalla ein winnipeggar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før europeisk oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Winnipeg ligg i kryssinga mellom elvene Red og Assiniboine som i dag er kjent som The Forks, eit historisk område for kanoruter, der urfolket ferda i tusenvis av år. Omsett til vestleg tyding er namnet Winnipeg det same som «grumsa vatn». Arkeologiske utgravingar og studering av spor i naturen har vist at dei innfødde brukte området i tusenvis av år til camping, jakt og fiske, samt handel og jordbruk.

Kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Dei første europearane som oppdaga området var franskmenn som kom dit i 1738. Sieur de la Vérendrye bygde den første handelslenkja på staden, kalla Fort Rouge. Handelen deira pågjekk i mange tiår fram til Hudson's Bay Company etablerte seg. Franskmennene blanda seg etter kvart med urfolkesetnaden både genetisk og sosialt. Desse menneska vart kalla métis, og knytte nære band mellom dei ulike folkegruppene etterkvart som koloniseringa ekspanderte. Lord Selkirk var involvert i den første permanente busetjinga Red River Colony, som låg på eit landområde kjøpt av Hudson's Bay Company. The North West Company grunnla Fort Gibraltar i 1809, og Hudson's Bay Company grunnla Fort Douglas i 1812. Dei to selskapa kjempa om handelsmajoriteten, både mot kvarandre og dei busette, og øydela mange bygningar i kampane. Det mest kjende slaga var mellom métisane og kolonistane til Lord Selkirk, kalla «Battle of Seven Oaks» (slaget om dei sju eiketrea) i 1816.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]