Winston Churchill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Winston Churchill

Sir Winston Leonard Spencer Churchill (30. november 187424. januar 1965) var ein britisk politikar.

Han dekte Boerkrigen som krigskorrespondent og blei som 26-åring vald som konservativt medlem av Underhuset. Frå 1906 til 1922 var han medlem av Underhuset vald for Det liberale partiet. Churchill blei handelsminister i 1908 og marineminister i 1911, han fekk ansvaret for det feilslåtte slaget ved Gallipoli i Dardanellane i 1915. I 1917 blei han ammunisjonsminister, 1919 krigs- og luftfartsminister og 1921 koloniminister. 1924-29 var han finansminister.

I 30-åra var han politisk uglesett i det konservative partiet, fordi han var ein av dei tidlegaste og skarpaste motstandarane av opprustinga Adolf Hitler gjorde i Tyskland. Den 3. september 1939 blei han utnemnd til marineminister, og da Neville Chamberlain gjekk av blei Churchill statsminister (den 13. mai 1940). Da uttalte han, at han kunne ikkje lova det britiske folket anna enn «blod, sveitte og tårer».

Winston Churchill tente under seks monarkar, var medlem av 16 parlament og arbeidde under fem statsministrar, og han var sjølv statsminister to gonger. Dessutan var han forfattar av 37 bøker fordelt på i alt 58 band, og han rakk å måle over 500 måleri.

Winston Churchill var kjend som ein vittig og intelligent debattør og talar, og det finst tallause sitat, fråsegner og vittige merknader som kan tilskrivast han.

Churchill fekk Nobelprisen i litteratur, etter han gav ut The Second World War. I 1948 vart han òg tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Ein Winston Churchill er au namnet på ein sigar frå Cuba.


Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • My Early Life (1930)
  • The Story of Malakand Field Force (1898)
  • The River War (1899)
  • Lord Randolph Churchill (1906)
  • The World Crisis (1923-29)
  • Marlborough: His Life and Times (1933-38)
  • The Second World War (1948-54).
  • A History of the English-Speaking Peoples (1954-58)

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]