Wirich Philipp von Daun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wirich Philipp von Daun

Fødd19. oktober 1669
Wien
Død30. juli 1741
Wien
Tittelvisekonge av Napoli, Governor of Milan
GravstadAugustinian Church
LandKeisardømet Austerrike
MorAnna Maria Magdalena, Gräfin von Althann
FarWilhelm von Daun
EktefelleMaria Barbara, Gräfin zu Herberstein
BarnLeopold Josef von Daun

Grev Wirich Philipp von Daun (19. oktober 166930. juli 1741) var ein austerriksk feltmarskalk i den spanske arvefølgjekrigen, og fra til den langt meir kjende Leopold Josef Graf Daun.

Han vart fødd i Wien som son av Wilhelm Graf Daun, som òg var feltmarskalk. Wirich tente i den spanske arvefølgjekrigen under Eugene av Savoie, og utmerkte seg i forsvaret av Torino i 1706. Han kringsetje og erobra òg Gaeta den 30. september 1707.

Etter krigen, i 1713, vart han den første austerrikske statthaldar i Napoli. I 1718 tapte han slaget ved Milazzo under kvadrupelalliansekrigen, då Spain invaderte naboområdet Sicilia.

Frå februar til oktober 1725 var han mellombels guvernør i Dei austerrikske Nederlanda. Han skulle førebu ankomsten til den den nye guvenrøren, erkehertuginne Maria Elisabeth av Austerrike, syster til keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket. Situasjonen i Dei austerrikske Nederlanda var særs vanskeleg etter vanstyret til den tidlegare fullmektige ministeren Hercule-Louis Turinetti, marki av Prié. Daun nøyt godt av den positive stemninga etter at Prié forsvann. Han utførte ei reform av den militære organiseringa og administrasjonen av Dei sørlege Nederlanda, der han innlemma den eksisterande «belgiske» armeen i keisarstyrkane.[1]

Frå 1725 til 1736 var han guvernør i hertugdømet Milano

Von Daun døydde i Wien, og vart gravlagd i Georgskapelle i Augustinerkirche, i lag med sonen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zedinger, R. (2000). Die Verwaltung der Österreichischen Niederlande in Wien (1714 - 1795), Böhlau Verlag, s. 141-142.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wirich Philipp von Daun