Wisłalagunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landsatbilete av Wisłalagunen
Lita hamn ved Wisłalagunen i Frombork i Polen

Wisłalagunen (polsk Zalew Wiślany eller Zatoka Fryska i 1910; russisk Калининградский залив eller Kaliningradskij Zaliv; tysk Frisches Haff; litauisk Aistmarės) er ein ferskvasslagune i Austersjøen som er skild frå Gdańskbukta av Wisłaneset. Ho vert òg kalla Wisłabukta.

Lagunen utgjer munningen til fleire greiner av elva Wisła, mellom anna Nogat og Pregolja. Ho er knytt til Gdańskbukta via Baltiysksundet.

Av stader langs lagunen finn ein Kaliningrad, Baltiysk og Primorsk i Kaliningrad oblast i Russland og Elbląg, Tolkmicko, Frombork, Krynica Morska i Polen. Den polske hamnebyen Elbląg var tidlegare ein stor handelsby i lagunen, men dette endra seg på grunn av den noverande grensesituasjonen. Kaliningrad og Baltiysk er i dag store byar i lagunen.

Det er snakk om å byggje ein kanal frå lagunen til Austersjøen som ein del av eit stort prosjekt med EU-støtte. Kanalen, som vil ha ei lengd på 1 km, vil gjere hamna Elblag viktig igjen. Dette vil òg gjere at byen ikkje lenger er avhengig av Russland, som stundom trekkjer tilbake rettane for polske skip til å passere gjennom Baltiysksundet som ei form for press på polske styresmakter. Det er estimert at prosjektet vil koste 80 millionar PLN. Det er derimot store økologiske tilhøve som ein må ta omsyn til. Til dømes vil vandringa til pattedyra langs lagunen verte forstyrra. I tillegg kan tilførsel av brakkvatn frå Austersjøen fører til kraftig ubalanse i økosystemet i lagunen, som har ferskvatn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1871 til 1919 var lagunen ein del av Det tyske keisardømet. Mellom 1919 og 1945 var han delt mellom Tyskland og Fristaden Danzig. Frå januar til mars 1945 under evakueringa av Aust-Preussen, kryssa flyktningar frå Aust-Preussen den islagde lagunen på veg vestover etter at Den raude arméen hadde nådd kysten av lagunen nær Elblag. Eit jagarfly gjekk til åtak og tusenvis av flyktningane mista livet eller fall gjennom isen. I dag er Wisłalagunen politisk delt mellom Polen og Kaliningrad oblast i Russland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°27′N 19°45′E