Wisława Szymborska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wisława Szymborska
i Kraków, 23. oktober 2009

Wisława Szymborska (fødd 2. juli 1923 i Bnin ved Poznan i Polen, død 1. februar 2012 i Kraków)[1] var ein polsk lyrikar, essayist og omsetjar av fransk litteratur.

I 1996 blei Szymborska tildelt Nobelprisen i litteratur «för en poesi som med ironisk precision låter det historiska och biologiska sammanhanget träda fram i fragment av mänsklig verklighet.»[2][3]

Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1996

Virke[endre | endre wikiteksten]

I mars 1945 fekk Szymborska for første gong publisert eit dikt, Szukam słowa («Eg søkjer ord»), i dagsavisa Dziennik Polski.

På slutten av 1940-åra blei ho av ideologiske grunnar nekta å publisere ei diktsamling og valde å tilpasse seg den sosialistiske realismen. Den første diktsamlinga bar tittelen Dlatego żyjemy (1952, «Det er derfor vi lever») og innheldt dikt med titlar som «Lenin» og «Vi helsar bygginga av ein sosialistisk by velkomen.» Dikt som hylla diktatorar var på denne tida ikkje berre vanleg i austblokklandea; òg forfattarar i vest var utøvarar av denne kunsten. Etter enno ein til dels fjernstyrt diktsamling, Pytania zadawane sobie (1954, «Spørsmål eg stiller meg»), tok ho til å konsentrere seg om diktekunsten igjen og skreiv dikt om å skrive det ho såg og følte, til dømes «Katt i tom bustad», «Bidrag til statistikk», «Stemmer» og andre.

Szymborska fekk sitt gjennombrot i 1957 med diktsamlinga Wołanie do Yeti («Rop etter Yeti»).

Ho skreiv i ein ubunden verseform; språkleg er dikta enkle. Verka hennar er omsett til ei rekke språk. I tillegg til at Szymborska publiserte seksten bind omsette ho òg fransk poesi til polsk.

Wisława Szymborska døydde i Kraków 1. februar 2012 etter lengre tids sjukdom.[1]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nie żyje Wisława Szymborska.
  2. "for poetry that with ironic precision allows the historical and biological context to come to light in fragments of human reality".
  3. Tildelinga av Nobels litteraturpris i 1996 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wisława Szymborska