Wismar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wismar
Marknadsplassen
Marknadsplassen
Marknadsplassen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Wismar
Wismar is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Mecklenburg-Vorpommern

Kreisfri by
Borgarmeister Dr. Rosemarie Wilcken (SPD)
Geografi
Flatevidd
 - By

41,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

44 470
  1075/km²
Koordinatar 53°54′″N 11°28′″EKoordinatar: 53°54′″N 11°28′″E
Høgd over havet 15 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 23952, 23966, 23968, 23970
Telefon-retningsnummer 03841
Bilnummer HWI
Heimeside: http://www.wismar.de

Wismar er ein tysk by ved Austersjøen. Byen ligg i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med kring 45 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 64 km austom Lübeck og 34 km nord for Schwerin.

Hansabyen[endre | endre wikiteksten]

Torget i Hansabyen Wismar

Wismar skal ha hatt byrettar heilt sidan 1229 og kom under kontroll av Mecklenburg i 1301. I 1259 inngjekk byen ei avtale med Lübeck og Rostock, som hadde til hensikt å verne byen mot piratar i Austersjøen, og denne avtala gjorde at byen vart med i Hansaforbundet. I dei komande hundreåra utvikla byen seg som ein blomstrande hansastad, blant anna på grunn av ullfabrikkane sine. Trass i ein pest i 1376 drap rundt 10 000 av innbyggjarane til byen, framstod byen som ganske framgangsrik heilt fram til utpå 1500-talet.

Under svensk styre[endre | endre wikiteksten]

Alter Schwede

Byen med området omkring og eksklavane Poel og Neukloster vart ved freden i Westfalen i 1648 etter trettiårskrigen lagt under svensk overherredømme. Hausten 1675 vart byen kringsett i to månader i det som er kalla slaget om Wismar som vart utkjempa som ein del av Gyldenfeidekrigen.

Det svenske overherredømmet varte til 1803 då byen vart pantsett av Gustav IV Adolf av Sverige for 1 258 000 svenske riksdalar til hertugdømet Mecklenburg-Schwerin for hundre år fram til 1903, då det gjekk over til tysk kontroll. Byen hadde difor ikkje representasjon i den folkevalde forsamlinga til delstaten før i 1903.

Det store varemagasinfirmaet Karstadt har opphavet sitt i byen. I 1881 opna den første Karstadt-magasinet i verda i Wismar.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Heilt på slutten av andre verdskrigen vart byen sterkt bomba av dei allierte på grunn av industrien som låg her. Eit luftåtak i april 1945 gjekk hardt utover mellomalderkatedralane St. Georgenkirche og St. Marienkirche. Trass delvis rekonstruksjon, er ikkje kyrkjeskipet til sistnemnte bygd opp att. Byen overgav seg utan kamp og britiske og kanadiske styrkar rykte inn i byen 2. mai 1945 under leiing av Bernard Law Montgomery. Dagen etter kom Den raude armeen fram under leiing av Konstantin Rokossovskij. Slik unngjekk vestmaktene at Den raude armeen trengde lengre vest og inn mot Danmark. I samsvar med avtala frå Jaltakonferansen, trekte dei britiske styrkane seg ut av byen 1. juli og byen var ein del av den sovjetiske okkupasjonssonen og seinare av Aust-Tyskland fram til 1990.

Sidan 27. juni 2002 er gamlebyen i Wismar saman med Stralsund innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Aker Yards eig eit stort, moderne verft i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]