Witwatersrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For universitetet i Johannesburg, sjå Universitetet i Witwatersrand.
Landskap i Witwatersrand, frå Witwatersrand National Botanical Gardens
Fossefall i Witwatersrand National Botanical Gardens

Witwatersrand er ei låg, sedimentær fjellkjede med høgder på 1700–1800 moh. som går i aust–vestleg retning gjennom Gauteng i Sør-Afrika. Namnet tyder på afrikaans «ryggen av kvitt vatn».[1] Geologisk er ho kompleks, men dei grunnleggjande formasjonane er kvartsitt, konglomerat og leirskifer av Witwatersrandsystemet. Han utgjer eit kontinentalt vasskilje der vatnet renn nordover og ut i Limpopo og Indiahavet og sørover ut i Oranje-elva og Atlanterhavet.[2] Witwatersrand ligg i provinsen Gauteng, tidlegare kalla PMW–området, eit akronym for Pretoria, Witwatersrand og Vereeniging.

«Rand», eller «revet», som Witwatersrand òg vert kalla, er berømt for å vere kjelda for 40 % av gullet som nokon gong har vorte vunne ut frå jorda. Gullårene strekkjer seg 280 km frå Klerksdorp i vest til Bethal i aust og er 3,6 km djupe einskilde stader. Den sørafrikanske valutaen rand er kalla opp etter han.[3] Den nordlegaste spissen til revet vart oppdaga berre nokre få kilometer frå dagens Magaliesburg, ved Blaauwbank, i 1874.

Witwatersrand omfattar òg storbyområdet til Johannesburg, som strekkjer seg langs det gullberande revet. Storbyområdet er avlangt og strekkjer seg frå området Randfontein og Carletonville i vest til Springs i aust. Det inkluderer det enorme byområdet East og West Render, og dessutan Soweto.

I juli 1852 vart det kjend at engelskmannen J.H. Davis hadde funne gull «i stor mengd» ved Paardekraal nær Krugersdorp, noko som var den tidlegaste gulloppdaginga i Rand. Davis selde gull til ein verdi av 600 oundt til styresmaktene i Transvaal, og vart kort tid etterpå beordra ut av landet på grunn av den gjeldande politikken om å halde det hemmeleg. I oktober 1853 oppdaga Pieter Jacob Marais, som var fødd i Cape Town, gull på breiddene av elva Jukskei, men òg dette funnet vart dyssa ned. Det første gruveselskapet, Nil Desperandum Co-operative Gold Company, vart danna ved Blaauwbank i 1874. Det vart teke ut gull ulike stader fram til 1886 då oppdaginga av hovudåra til Witwatersrand sette i gang det historiske gullrushet. Den etterfølgjande oppdaginga av andre rike og drivverdige årar av gull, førte til slutt til bygginga av det største urbane området i Afrika sør for Sahara.

For tida føregår den einaste «operasjonelle» gullgruveaktiviteten i området til Blaauwbank Gold Mine and Museum, som ligg nær Magaliesburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Truswell, J.F. (1977). The Geological Evolution of South Africa. s. 21, 27–28, 33–36. Cape Town: Purnell.
  2. Encyclopædia Britannica (1975). Micropaedia, Vol. X. p. 720. Helen Hemingway Benton, Chicago.
  3. «From Van Riebeeck to Madiba». News24. 12. september 2012.