Woburn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Woburn

Soknekyrkja i Woburn
Soknekyrkja i Woburn
Plassering
Woburn is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Bedfordshire
Distrikt Central Bedfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

950
Koordinatar 51°59′″N 0°37′″WKoordinatar: 51°59′″N 0°37′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK17
Telefon-retningsnummer 01525
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Woburn

Woburn er ein liten by i Bedfordshire i England. Han er best kjent som staden der Woburn Abbey og Woburn Safari Park ligg.

Namnet er av angelsaksisk opphav, og viser til ei svinga elv. Det same namnet går igjen i Woburn Sands i Buckinghamshire, som ligg kort veg unna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Første gongen Woburn er nemnd er i eit dokument frå 969, då kong Edgar gav Aspley til ein mann ved namn Alfwold. I dokumentet blir fortalt det at området grensar mot «Woburnmennene sitt land». I Domesday Book (1086) vert det sagt det at Woburn var underlagt ein Alric, som hadde seks husmenn under seg. Etter erobringa hadde Walter Giffard teke over, og han leidde ut området til Hugh de Bolebec.

I 1145 grunnla sonesonen til Hugh, Hugh de Bolebec den yngre, cisterciensarklosteret St. Maria ved Woburn, kjent som Woburn Abbey. Klostret vart plassert rett utanfor landsbyen, og abbeden vart i praksis òg den lokale godseigar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]