Wolfram Alpha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wolfram Alpha er ein nettbasert database, som kalkulerer og viser enkel og avansert matematisk informasjon. Databasen er utvikla av Wolfram Research og ligg gratis tilgjengeleg. Den vart lansert i mai 2009.

Tenesta den gjer kan minne om ei søkjeteneste eller eit nettleksikon, men inneheld andre funksjonar. I botn ligg programmet Mathematica, som er eit kraftig kalkulatorprogram som mellom anna kan handtere integralrekning. Wolfram Alpha har lister over stoff og deira kjemiske formlar, statistikkdatabase over vær og BNP, med meir. Databasen er endå under utvikling og utviding.

Ein kan til dømes spørje om internettbrukarar i Afrika eller den kjemiske sambindinga h2o.

På nettet[endre | endre wikiteksten]

Wolfram Alpha

Introduksjon og tips

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.