Wolin

Koordinatar: 53°55′N 14°30′E / 53.917°N 14.500°E / 53.917; 14.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wolin
Landsatbilete av Stettiner Haff - Wolin er den austlege av dei to store øyane mellom lagunen og Austersjøen. Den vestlege øya er Usedom
Landsatbilete av Stettiner Haff - Wolin er den austlege av dei to store øyane mellom lagunen og Austersjøen. Den vestlege øya er Usedom
Geografi
Stad Pommernbukta
Koordinatar 53°55′N 14°30′E / 53.917°N 14.500°E / 53.917; 14.500

Areal 265 km²

Høgaste punkt Grzywacz (115 moh.)

Administrasjon
Land Polen
Voivodskap Vestpommerske Voivodskap
Største busetnad Wolin

Wolin (tysk Wollin) er ei øy i Austersjøen like utanfor kysten av Polen og ein by på same øya. Mellom Wolin og naboøya Usedom renn elva Świna, og mellom øya og Pommern på fastlandet renn elva Dziwna. Opphavet til namnet er ukjend, men truleg har det slavisk opphav. I det gamle slaviske språket tyder wolyn «våtmark» og i løpet av tida kan dette ha vorte germanisert.

Vatn frå elva Oder renn ut i lagunen Stettiner Haff. Frå her renn vatnet gjennom Peene (vest for Usedom), Świna og Dziwna og ut i Pommernbukta, som er ein del av Austersjøen.

Det meste av øya er dekt av skog og åsar. Midt på øya ligg Wolin nasjonalpark. Øya er den største turistattraksjonen nordvest i Polen og fleire merka turstiar går på kryss og tvers av øya, som den 73 km lange stien frå Miedzyzdroje til Dziwnowek. Det går ei elektrisk jernbanelinje mellom Szczecin og Swinoujscie over øya, i tillegg til E65, som kryssar Europa frå nord til sør.

Stader på Wolin[endre | endre wikiteksten]

  • Świnoujście (Tysk namn: Swinemünde)
  • Międzyzdroje (Tysk namn: Misdroy)
  • Wolin (Tysk namn: Wollin)
  • Międzywodzie (Tysk namn: Heidebrink)
  • Wisełka (Tysk namn: Neuendorf)
  • Świętoujść (Tysk namn: Swantuss)
  • Wapnica (Tysk namn: Kalkofen)
  • Chorzelin
  • Kodrąb (Tysk namn: Codram, 1937-45: Kodram)
  • Łuskowo (Tysk namn: Lüskow)
  • Warnowo (Tysk namn: Warnow)
  • Dargobądz (Tysk namn: Dargebanz)
  • Lubin (Tysk namn: Lüben)
  • Wicko (Tysk namn: Vietzig)
  • Ognica (Tysk namn: Werder)
  • Przytór (Tysk namn: Pritter)
  • Łunowo (Tysk namn: Haferhorst)
  • Mokrzyca Mała (Tysk namn: Klein Mokratz)
  • Mokrzyca Wielka (Tysk namn: Groß Mokratz)
  • Darzowice (Tysk namn: Darsewitz)
  • Jarzębowo (Tysk namn: Jarmbow)
  • Dziwnów (Tysk namn: Berg Dievenow)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit mellomalderdokument frå om lag 850, kalla Bayerske geograf etter den anonyme forfattaren, nemner ei slavisk stamme kalla voliniarar som då hadde 70 tilfluksstader (Uelunzani civitates LXX) på øya. Byen Wolin vart først nemnd på 900-talet. Arkeologar meiner at det i tidleg mellomalder var ein stor marknad her, som dekte eit område på 4 km og konkurrerte med Birka og Hedeby.

Dei arkeologiske funna på øya er ikkje særleg rike, men dei dekkjer eit område på 20 hektar, noko som gjer det til den nest største baltiske marknadsstaden i vikingtida etter Hedeby. Enkelte historikarar meiner at Wolin kanskje kan ha vore grunnlage for dei delvis segnomsuste busetnadane Jomsborg og Vineta. Ein har derimot ikkje funne noko som støtter dette. [1]

Rundt 972 vart øya kontrollert av Polen under fyrst Mieszko I, men ein veit ikkje om Wolin då vart ein del av Polen eller berre eit len. Polakkane måtte gje slepp på øya rundt 1007. Dei neste åra var Wolin kjend for sjørøvarane sine, som plyndra skip i Austersjøen. Som følgje av dette gjekk Magnus I av Noreg til åtak på øya i 1043.

Tidleg på 1100-talet vart øya erobra av den polske kongen Boleslaw III, samstundes som Wolin vart kristna. I 1140 oppretta pave Innocent II eit bispedøme her med sete i byen Wolin. Ei stund seinare vart øya, i lag med heile Vestpommern, kontrollert av Det tysk-romerske riket og innbyggjarane vart germanisert. I 1535 konverterte innbyggjarane til protestantismen og i 1630 vart ho erobra av Sverige, som selde Wolin til Kongedømet Preussen i 1720. Sidan den gong, og fram til 1945, var ho ein del av Tyskland, stort sett busett av tyskarar som vart kasta ut same året og erstatta av polakkar som vart drive bort frå områda aust i Polen som vart avstått til Sovjetunionen. Dette er årsaka til at alle stadane på øya har tidlegare tyske namn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gwyn Jones. A History of the Vikings. Oxford University Press, 2001. ISBN 0-19-280134-1. s. 127.