Wols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wols eller Alfred Otto Wolfgang Schulze (27. mai 19131. september 1951) var ein tysk målar.

Han studerte først musikk og var ein kort stund elev ved Bauhaus, før han i 1932 flytta til Frankrike. Frå 1933 til 1937 arbeidde han som fotograf. Han illustrerte fleire diktsamlingar av Franz Kafka og Jean-Paul Sartre, og skreiv òg lyrikk sjølv. Han viste stor interesse for automatismen, og i måleria hans mellom 1946 og 1951 bygde han på førestillinga om måleriet som direkte kjensleuttrykk, sakt utan hjelp frå medvitet. Wols vart eksponent for såkalla tachistiske måleri, der fargeflekken og penselstrøket skulle uttrykke ein eigen materiell røyndom, der kunstnaren er opphavsmannen, men ikkje heilt den bestemmande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]