Wolters Kluwer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

Wolters Kluwer nv. i Amsterdam er eit nederlandsk forlagskonsern som vart skipa i 1987 då forlaga Wolters Samson (grunnlagd 1836) og Kluwer (grunnlagd 1889) vart slått saman. Dei gjev hovudsakleg ut profesjonelle fagbøker og lærebøker med verksemd i kring 25 land, hovudsakleg i Europa og Nord-Amerika. I 1993 overtok selskapet det svenske forlaget Liber, som då var det nest største i Sverige.

I 2004 hadde selskapet nesten 20 000 tilsette og ei omsetning på kring 4,5 milliardar amerikanske dollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Wolters Kluwer nv» i Store norske leksikon, snl.no.