Wolverhampton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wolverhampton
City of Wolverhampton

Sentrum av Wolverhampton
Sentrum av Wolverhampton
Kallenamn
«W'ton, Wolves, Wolvo»
Motto
«Out of darkness cometh light»
(Ut av mørket kjem lys)
Plassering
Wolverhampton is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Midlands
Grunnlagd 985
Borgarmeister Rob Marris
Geografi
Flatevidd
 - By

69,44 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

236 400
  3 404,4 /km²
2 284 903
Koordinatar 52°35′0″N 2°08′0″WKoordinatar: 52°35′0″N 2°08′0″W
Diverse annan informasjon
Postnummer WV
Telefon-retningsnummer 01902
Nettstad: www.wolverhampton.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wolverhampton

Wolverhampton er ein by og eit administrativt distrikt i West Midlands i England. Det høyrde til tradisjonelt Staffordshire. 18. desember 2000 fekk byen innvilga status som city, som ein av tre byar som fekk denne statusen i samband med årtusenskiftet.

Byen har namn etter Lady Wulfruna, som grunnla byen i 985, og det tyder «Wulfrunas by på høgda» (heaneton tyder «by på ei høgd»). Namnet blir ofte forkorta til W'ton eller Wolves. Byen har òg eit tradisjonsrikt fotballag i Wolverhampton Wanderers FC.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Wolverhampton ligg nordvest for den større naboen sin Birmingham, og er den nest største delen av det urbane beltet i West Midlands. Mot nord og vest ligg landsbygda i Shropshire og Staffordshire. Han er den 13. største byen i England. I motsetnad til mange andre byar med city-status har ingen andre større byar vorte innlema i han, og som distrikt er han berre det 44. største.

Området som tradisjonelt blir assosiert med Wolverhampton strekkjer seg langt utanfor distriktsgrensene, og inkluderer område i Walsall, Sandwell og Dudley, og dessutan delar av South Staffordshire. Hadde dei gamle grensene, definert som ein Royal Peculiar mellom 1479 og 1846, framleis vore i bruk ville folkesetnaden vore omtrent like stor som i Manchester.

Delar av byen, men ikkje sentrum, ligg i Black Country, eit område som er kjent for gruvedrift. Det er difor uklart om byen skal reknast med til Black Country eller ikkje. Den regionale utviklingsstyringsmakta Black Country Development Corporation har med heile byen i området han arbeider for.

Området innanfor distriktet inkluderer blant anna Bilston, Wednesfield og Tettenhall.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I saksisk tid vart det grunnlagt eit kloster i Wolverhampton av Lady Wulfruna. Det vart konsekrert i 994. På staden der klostret låg finn ein no St. Peters kyrkje frå 1425. Utanfor kyrkja står sir Charles Wheeler sin statue av Wulfruna.

Innan 1200-talet hadde Wolverhampton vorte ein travel marknadsby. Han var særleg kjent for handel med ull, noko som er tydeleg i våpna til byen som har ein ullballe og dessutan i dei mange gatenavnene som inneheld ordet fold (eit tøystykke) (blant anna Blossom's Fold, Farmer's Fold, Townwell Fold og Victoria Fold) for ikkje å nemne Woolpack Street.

1500-talet etablerte metallindustrien seg i byen, særleg i form av lås- og nøkkelsmedar og arbeid i smijern og messing.

Områdde rundt byen vart på 1800-talet kjent som Black Country på grunn av forureining frå industrien som dekte områdde med svart sot. I viktoriansk tid voks byen og vart velståande på grunn av dei mange føretaka som vart trekt dit av det gode tilgjenget på kol og jarn. Ein finn fleire store hus bygd av rike industriherrar frå denne perioden; mange andre slike hus vart riven i 1960- og 1970-åra. På 1800-talet var det stor innvandring frå Wales og Irland til byen, og fordi det har vore jamleg vekst nestan heile tida har dette fortsett med nye grupper, spesielt frå Karibien, Søraust-Asia, Afrika og Aust-Europa. Byen har dermed fått eit sterkt fleirkulturelt preg.

I 1866 gjorde dronning Victoria den første offentlege framferda si etter prins Albert døydde, då ho avduka ein statue av prinsen. Han står på Queen Square, og er lokalt kjent som «the Man on the Horse» («Mannen på hesten»). For å gje dronninga ein staseleg inntreden i byen vart det bygd ein 12 meter høg portal av kol. Dronninga vart så nøgd med statuen at ho slo borgarmeisteren, sir John Morris, til riddar.

Queen Sqaure heitte tidlegare Market Square, men vart omdøypt etter besøka til dronninga. Før det igjen heitte området High Green. Dei samansvorne i Krutsamansverjinga i 1605 vart, med unntak av Guy Fawkes, stilt for retten i Wolverhampton og hengt på High Green.

Det første automatiske trafikklyset i England vart installert på Princes Square i 1927. Dei moderne trafikklysa der har gammaldagse stripa stolpar til minne om dette.

Jarnbana nådde byen i 1837, med stasjon ved dagens Heath Town. Denne stasjonen vart reva i 1965, og områdd er no eit naturreservat like ved Powell Street.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wolverhampton