Wolverhampton Wanderers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wolverhampton Wanderers FC)
Wolverhampton Wanderers FC
KallenamnWolves
HeimebaneMolineux Stadium
(kapasitet: 32 050)
StyreleiarJeff Shi
HovudtrenarBruno Lage
LigaPremier League
2020/2113. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Wolverhampton Wanderers Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb, stifta i 1877. I 2009/10-sesongen kjem dei til å spela i toppdivisjonen, Premier League, etter å ha vunne den nest høgste divisjonen, Football League Championship i 2009. Kallenamnet til klubben er "Wolves", og dei spelar heimekampane sine på Molineux i Wolverhampton. Byen Wolverhampton ligg om lag 25 km nordvest for Birmingham.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wolverhampton Wanderers var ein av klubbane som var med på å grunnleggja den engelske fotballigaen i 1888. Klubben vann FA-cupen i 1893 og igjen i 1908. I 1906 rykte dei for første gong ned i 2. divisjon og spelte der til 1932, med unntak av ein sesong i 3. divisjon, 1923/24. Mot slutten av 30-talet nærma klubben seg toppen av 1. divisjon og kom på 2. plass dei to siste sesongane før andre verdskrigen avbraut alt fotballspel. Etter krigen vart klubben ein av dei beste i engelsk fotball. Wolverhampton kom på ein av dei tre øvste plassane i 1. divisjon i 8 av dei 9 sesongane mellom 1952 og 1961, og vart seriemeister i 1958 og 1959. Dei vann òg FA-cupen i 1949 og 1960. Manageren i denne perioden var Stan Cullis (frå 1948 til 1964). Cullis hadde tidlegare vore spelar i klubben, frå 1934 til 1947.

Etter Cullis si tid var storheitstida over, men klubben heldt fram å spela i 1. divisjon heilt fram til 1984, med unntak av tre korte vitjingar på til saman fire sesongar i 2. divisjon. Dei klarde òg å kvalifisera seg til UEFA-cupen fire gonger på 1970- og 80-talet, og kom i 1972 heilt til finalen, der dei tapte mot eit annan engelsk lag, Tottenham.

I 1983/84 vart Wolverhampton råka av katastrofal tilbakegang, då klubben rykte ned frå 1. divisjon for så å rykkja ned frå 2. divisjon sesongen etter og ned frå 3. divisjon sesongen etter det igjen. I 1986/87-sesongen var klubben dermed i 4. divisjon for første gong nokon sinne. Opphaldet der varte berre i to sesongar, før klubben rykte opp att til 3. divisjon i 1988 og rett opp att i 2. divisjon i 1989. Etter denne turen i kjellaren av det engelske ligasystemet stabiliserte klubben seg på det nest høgste nivået, og låg i 2. divisjon (som endra namn til 1. divisjon i 1992) frå 1989 til 2003. Dei fleste av desse åra enda klubben på øvste halvdel av tabellen, og spelte playoff-kampar om opprykk til Premier League i 1995, 1997 og 2002, utan hell. Den norske spelaren Håvard Flo spelte for klubben frå 1999 til 2001 og Gunnar Halle var innom på lån ei kort stund i vårsesongen 2002.

I 2003 lukkast klubben i å vinna opprykk til Premier League etter siger i playoff-kampane, men kom sist i Premier League i 2003/04-sesongen. I denne sesongen spelte òg norske Steffen Iversen for klubben. Wolves var etter dette tilbake i den nest høgste divisjonen i fem sesongar til, før dei vann direkte opprykk til Premier League i 2009, som vinnarar av Football League Championship. Ein av spelarane som spelte i klubben i denne perioden var nigerianske Seyi Olofinjana, som kom frå Brann i Noreg i 2004, før han gjekk vidare til Stoke i 2008. Manageren som sikra opprykket for Wolves var Mick McCarthy, tidlegare landslagstrenar for Irland, som tok over som manager i 2006.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Per 1. august 2021[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Portugal K Jose Sa
2 Det nederlandske flagget F Ki-Jana Hoever
3 Flagget til Frankrike F Rayan Ait-Nouri
5 Flagget til Brasil F Marcal
7 Flagget til Portugal A Pedro Neto
8 Flagget til Portugal MB Rúben Neves
9 Flagget til Mexico A Raúl Jiménez
10 Flagget til Portugal A Daniel Podence
11 Flagget til Portugal A Francisco Trincao
14 Flagget til Colombia F Yerson Mosquera
15 Flagget til Frankrike F Willy Boly
16 Flagget til England F Conor Coady
17 Flagget til Portugal A Fabio Silva
Nr. Posisjon Spelar
18 Flagget til England MB Morgan Gibbs-White
19 Flagget til Spania F Jonny
21 Flagget til England K John Ruddy
22 Flagget til Portugal F Nelson Semedo
23 Flagget til Italia A Patrick Cutrone
27 Flagget til Marokko F Romain Saïss
28 Flagget til Portugal MB João Moutinho
32 Flagget til Belgia MB Leander Dendoncker
37 Flagget til Spania A Adama Traoré
49 Flagget til England F Maximilian Kilman
54 Det amerikanske flagget MB Owen Otasowie
62 Flagget til Danmark K Andreas Sondergaard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]