Wolverton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wolverton

St. George-kyrkja i Wolverton
St. George-kyrkja i Wolverton
Plassering
Wolverton is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Milton Keynes
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

64 486
Koordinatar 52°04′″N 0°49′″WKoordinatar: 52°04′″N 0°49′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK12
Telefon-retningsnummer 01908
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wolverton

Wolverton er ein bydel i Milton Keynes i Buckinghamshire i England. Han var fram til 1960-åra ein eigen by, men vart innlema i den nye byen som vart anlagt. Han ligg nord for sentrum i Milton Keynes, i nærleiken av Stony Stratford.

Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder Wulfheres gods. Han blir nemnt i Domesday Book som Wluerintone. Opphavleg var han ein liten landsby nordvest for dagens sentrum. Det området er kjent som Old Wolverton, men det er ingen spor etter mellomalderbusetnad der. Byen oppstod på 1800-talet i samband med utbygginga av jarnbana.

Grand Union-kanalen renn gjennom Wolverton, og på 1800-talet vart staden eit viktig knutepunkt mellom jarnbana og kanalnettverket. Stasjonen vart opna i 1845 av dronning Victoria. Det låg òg ein lokomotiv- og vognfabrikk der, Wolverton Works. Han er adskilt frå byen med ein mur som går langs nestan heile den eine sidan av byen. På muren er det enno spor etter kamuflasjemaling frå andre verdskrigen. Fabrikken var lenge ein viktig arbeidsgiver, men blir no berre brukt til oppbevaring av lokomotiv og vogner. Dei kongelege togvognene står normalt der, og den nyaste av desse vart ferdigstilt ved Wolverton Works i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]