Wonderful Tonight
| Wonderful Tonight Singel av Eric Clapton frå albumet Slowhand |
||
| B-side | «Peaches and Diesel» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1977 | |
| Innspelt | Mai 1977 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:43 | |
| Selskap | RSO | |
| Låtskrivar(ar) | Eric Clapton | |
| Produsent | Glyn Johns | |
| Eric Clapton-kronologi | ||
| Wonderful Tonight | «Lay Down Sally» (1978) | |
«Wonderful Tonight» er ein song skriven av Eric Clapton for albumet Slowhand frå 1977 og gjeven ut som singel året etter. Clapton skreiv songen om Pattie Boyd, som er nemnt i sjølvbiografien hennar Wonderful Tonight: George Harrison, Eric Clapton, and Me. Songen vart ein liten hitt då han kom ut og nådde 16. plass i USA og 30. plass i Storbritannia.[1]
Den 7. september 1976 skreiv Clapton «Wonderful Tonight» for Boyd medan hen venta på at ho skulle bli klar for den årlege Buddy Holly-festen til Paul og Linda McCartney. Om «Wonderful Tonight» sa Boyd: «I årevis sleit det meg. Å ha inspirert Eric, og George før han , til å skrive musikk som var så smigrande. 'Wonderful Tonight' var den mest gripande minnet om alt det gode i forholdet vårt, og når ting går galt så torturerer det det å høyre det.»[2]
I 1988 spelte Clapton på Nelson Mandelas 70-årsdagsfeiring som gjesteartist for Dire Straits. Gruppa vart backingband då han spelte «Wonderful Tonight» under konserten sin.
Andre versjonar [endre]
Songen er spelt av mellom andre countrysongarane Butch Baker, som tok songen til 66. plass på countrylista i USA i 1989, og David Kersh som tok songen til 29. plass på same liste i 1988. Songen vart òg gjeven ut av det britiske popbandet Damage i 1997, som nådde 3. plass i Storbritannia.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wonderful Tonight» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Allmusic review
- ↑ «Songfacts: "Wonderful Tonight"». http://www.songfacts.com/detail.php?id=1373.
- ↑ Boyd, Pattie (2007-08-11). «I'd pray Eric would pass out and not touch me' - Part 2 of Pattie Boyd's sensational autobiography». Daily Mail. http://www.dailymail.co.uk/pages/live/articles/showbiz/showbiznews.html?in_article_id=474705&in_page_id=1773. Henta 14. mars 2011.