Woodstockfestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Woodstock Music & Art Fair (ofte berre kalla Woodstock eller Woodstockfestivalen) var ein musikkfestival, omtalt som «Ein eksposisjon i vassmannen sin alder: 3 dagar med fred og musikk». Han vart halde på jordet til Max Yasgur, som hadde ein meierigard nær grenda White Lake i byen Bethel i New York, frå 15. til 18. august 1969. Bethel ligg 69 km sørvest for byen Woodstock i New York.

Under den noko regnfulle helga spelte 32 band og artistar føre 500 000 menneske.[1] Det vert av mange rekna som den største og viktigaste hendinga i pophistoria og vart av Rolling Stone skildra som 50 augneblink som endra rockehistoria.[2]

Hendinga vart dokumentert i dokumentarfilmen Woodstock i 1970, og eit filmmusikkalbum, medan Joni Mitchell skreiv songen «Woodstock» til minne om hendinga. Songen vart ein hit for Crosby, Stills, Nash & Young.

Planlegging og førebuing[endre | endre wikiteksten]

Woodstock vart sett i gang av Michael Lang, John Roberts, Joel Rosenman og Artie Kornfeld. Det var Roberts og Rosenman som hadde finansane. Lang hadde erfaring som organisator og hadde alt organisert den største festivalen på austkysten til då, Miami Pop Festival, der om lag 100 000 menneske møtte opp dei to dagane festivalen varte. Dei sette følgjande annonse inn i The New York Times og The Wall Street Journal under namnet Challenge International, Ltd.: «Unge menn med uavgrensa kapital på utkikk etter interessant, legitim investeringshøve og føretaksforslag.»[3]

Lang og Kornfeld såg annonsa, og fire menn kom i lag for å diskutere eit tilfluktsstad-liknande platestudio i Woodstock, men ideen utvikla seg til ein utandørs musikk- og kunstfestival. I starten hadde dei planar om ein mindre festival, med kanskje nokre av dei store artistane som budde i Woodstock-området (som Bob Dylan og The Band). Det var skilnader mellom dei fire: Roberts var disiplinert, og visste kva ein trong for at det heile skulle bli ein suksess, medan den tilbakelente Lang såg Woodstock som ein ny og avslappande måte å føre forretningsfolk saman.[3] Det var òg tvil om føretaket, sidan Roberts vurderte å trekke seg ut av prosjektet eller halde fram å pumpe sine eigne pengar inn i det.[3]

I april 1969 var dei nye superstjernene Creedence Clearwater Revival dei første til å signere for festivalen, og ønskte å spele for $10 000. Organisatorane hadde funne det vanskeleg å få andre store namn til området, før Creedence signerte. «Trommeslagar i bandet Doug Clifford sa seinare Så snart Creedence signerte, så kom alle dei andre store artistane etter». Creedence spelte kl. 03 på natta og frontmannen John Fogerty ønskte ikkje å vere med i den påfølgjande filmen, så Creedence-medlemmane har sidan vore noko bitre over opplevinga deira på festivalen.[4]

Woodstock vart starta som eit føretak som skulle gå med overskot, høvande kalla "Woodstock Ventures." Det vart først ein gratiskonsert først etter det var klart hendinga tiltrekte seg hundretusenvis fleire folk enn arrangørane hadde rekna med. Billettane for festivalen kosta $18 på føreskot (tilsvarte i 2009 kring $105 etter å ha tilpassa kjøpekraft og $75 etter å ha justert for inflasjon)[5] og $24 ved betaling ved inngangen for alle tre dagane. Billettsalet var avgrensa til plateforretningar i New York City-området, eller via post ved Radio City Station postkontor i Midtown Manhattan. Kring 186 000 billettar vart selde på førehand og arrangørane rekna med at kring 200 000 ville møte opp. [6]

Val av konsertstad[endre | endre wikiteksten]

Publikum og scenen i 1969.

Konserten skulle opphavleg finne stad i Mills Industrial Park (41°28′39″ N 74°21′49″ W) i byen Wallkill, som Woodstock Ventures hadde leigd for $10 000 våren 1969.[7] Funksjonærar i byen vart sikra om at det ikkje ville kom fleire enn 50 000. Innbyggjarane i byen var i mot prosjektet. Tidleg i juli vedtok byrådet ei lov som kravde løyve for alle samlingar på over 5000 personar. Den 15. juli 1969 avslo Wallkill Zoning Board of Appeals konserten på grunnlag av at dei planlagte berbare toaletta ikkje ville møte krava til byen.[8] Reports about the ban, however, turned out to be a publicity bonanza for the festival.[9]

Garden til Max Yasgur.

I følgje Elliot Tiber i boka hans Taking Woodstock frå 2007, tilbaud Tiber seg å ha konserten på motell-området sitt, og hadde løyve for ei slik hending. Han hevdar å ha introdusert arrangørane for mjølkebonden Max Yasgur.[10] Lang hevdar derimot at Tiber tar feil og seiar at Tibert introduserte han for ein eigedomsmeklar, som køyrte han til garden til Yasgur utan Tiber. Sam Yasgur, somen til Max, støttar Lang på dette.[11] Området til Yasgur danna eit naturleg amfiteater nedover mot Filippini Pond på nordsida av området. Scenen vart plassert ved foten av åsen med Filippini Pond i bakgrunnen. Vatnet vart ein populær stad for nakenbading.

Arrangørane fortalte igjen styresmaktene i Bethel om at dei ikkje venta meir enn 50 000 menneske.

Trass i motstand frå innbyggjarane, godkjende styresmaktene i Bethel konserten, men byrådet nekta å gje formelt løyve.

Gratiskonsert[endre | endre wikiteksten]

Denne seine endringa i kvar konserten skulle haldast, gav ikkje arrangørane nok tid til å førebu seg. Eit møte tre dagar før festivalen starta, følte arrangørane at dei hadde to val. Det eine var å prøve å utbetre gjerda og tryggleiken som kunne ha ført til vald, og den andre var å leggje alle ressursane deira i å gjere ferdig scenen og la Woodstock Ventures ta det økonomiske tapet. Gjerdet vart lagt ned kvelden før konserten starta.

Festivalen[endre | endre wikiteksten]

Det store publikumsinntoget til den landlege konsertstaden, førte til omfattande trafikkproblem i Bethel. Det vart sendt ut mange meldingar på radio og fjernsyn om dei store trafikkproblema og at vegar inn i området vart stengde.[12][13] I tillegg hadde regn ført til gjørmete vegar og jorde. Fasilitetane var ikkje godt nok utstyrte til å stette behova for reinhald og førstehjelp for dei mange menneska som kom. Hundretusenvis kjempa mot dårleg vêr, mangel på mat og dårleg hygiene.[14]

Morgonen sundag, den 17. august, ringte guvernøren i New York, Nelson Rockefeller, arrangøren John Roberts og fortalte han at han vurderte å kalle inn 10 000 frå nasjonalgarden til festivalen. Roberts klarte å overtale Rockefeller om å ikkje gjere dette. Sullivan County erklærte unntakstilstand.[12]

«Me var klare til å rocke og me venta og venta og til slutt var det vår tur ... det var ein halv million menneske i søvne. Desse folka var ute. Det var som eit slags måleri av ein scene frå Dante, berre lekamar frå helvete, alle vikla inn i kvarandre og sovande, og dekte av gjørme.

Og dette er eit augneblikk eg aldri vil gløyme så lenge eg lever: 500 meter bortanfor i mørket, på åskanten, sat det ein fyr og blinka med ei lommelykt, og i natta kunne eg høyre, 'Slapp av John. Me er med deg.' Eg spelte resten av konserten for den fyren.»

John Fogerty[4] om starten til Creedence Clearwater Revival-konserten klokka 0300 på Woodstock.

Sjølv om festivalen gjekk særs fredfullt for seg med tanke på kor mange folk og tilhøva som var involverte, så vart det registrert tre dødsfall. Ein trur det eine var ein heroinoverdose og eit anna ei ulukke då ein traktor køyrde over ein mann på eit jorde. Det vart òg registrert to fødslar under festivalen og fire abortar.[15]

I takt med det idealistiske håpet i 1960-åra, var folk flest nøgd under Woodstock. Det var ei kjensle av sosial harmoni, god musikk, og enorme folkemengder.[16]

Etter konserten såg Max Yasgur, som eigde staden der konserten vart halden, det som ein siger for fred og kjærleik.[3]

Lyd[endre | endre wikiteksten]

Lyden under konserten vart styrt av Bill Hanley, som hadde gjort nyvinningar i lydindustrien som gav han den prestisjefulle Parnelli Award.[17] «Det fungerte særs bra», sa han om hendinga. «Eg bygde spesielle høgtalarsøyler på åsane og hadde 16 høgtalarar på ei firkanta plattform oppover mot åsen på 21 meter høge tårn. Me sette det opp for 150 000 til 200 000 folk. Og det kom sjølvsagt 500 000.»[18]

Artistar[endre | endre wikiteksten]

Trettito artistar spelte i løpet av dei fire dagane konserten varte:

Fredag 15. august[endre | endre wikiteksten]

Laurdag 16. august[endre | endre wikiteksten]

Sundag 17. august til mandag 18. august[endre | endre wikiteksten]

Avslåtte invitasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Dylan, som budde like ved festivalområdet vart aldri seriøst vurdert. I staden reiste Dylan til Isle of Wight Festival of Music den 31. august.[20]
  • The Beatles/John Lennon: Det finst to soger om kvifor The Beatles ikkje spelte. Den første var at arrangørane kontakta John Lennon for å diskutere ei Beatles-framføring på Woodstock, og Lennon sa at the Beatles berre ville spele om dei òg laga plass for Yoko Ono sitt Plastic Ono Band, noko han fekk avslag på. Den andre var at The Beatles var i ferd med å bryte saman. Dei hadde heller ikkje halde konsertar sidan august 1966.
  • Jeff Beck Group skulle opphavleg spele på sundagen, men berre nokre dagar før Woodstock, forlet Nicky Hopkins bandet og resten av gruppa vart oppløyst. Nicky Hopkins spelte derimot på Woodstock i lag med Jefferson Airplane.
  • The Doors vart vurderte for konserten, men avslo i siste augneblikk. Visstnok var dette fordi dei meinte det ikkje kunne toppe Monterey Pop Festival, men dei angra seinare på avgjersla.[21]
  • Led Zeppelin vart beden om å spele, men manageren Peter Grant sa nei, sjølv om dei var interesserte, fordi dei berre ville vere enno eit band på konsertlista.[22]
  • The Byrds vart inviterte, men valte å ikkje delta, sidan dei rekna med at Woodstock ikkje kom til å vere noko annleis enn dei andre festivalane denne sommaren. Dei var òg uroa over pengane.
  • Tommy James and the Shondells avslo ein invitasjon.[23]
  • The Moody Blues skulle opphavleg spele, men valte å trekke seg då dei vart booka i Paris same helga.[24]
  • Spirit avslo òg ein invitasjon om å spele, sidan dei alt hadde planlagt andre konsertar og ikkje visste kva Woodstock kom til å bli.[25]
  • Joni Mitchell skulle opphavleg spele, men avslo for å spele på The Dick Cavett Show.[26]
  • Roy Rogers avslo ein invitasjon om å spele.[27]

Mediaomtale[endre | endre wikiteksten]

Få journalistar utanom lokale journalistar dekte hendinga. Dei første par dagane av festivalen, la det nasjonale media vekt på problema, men meldingane vart meir positive mot slutten av festivalen, delvis fordi foreldra til konsertgåarane ringde media og fortalte dei at rapportane deira var feil.[12][28]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå filmen Woodstock.

Dokumentarfilmen Woodstock, regissert av Michael Wadleigh og redigert av Thelma Schoonmaker og Martin Scorsese, kom ut i 1970. Artie Kornfeld (ein av arrangørane) kom til Fred Weintraub, ein direktør i Warner Bros., og bad om pengar for å filme festivalen. Tidlegare hadde Kornfeld fått avslag alle andre stader. Weintraub gav Kornfeld $100 000 for å lage filmen.

Wadleigh fekk med seg eit mannskap på kring 100 frå filmmiljøet i New York. Utan pengar til å betale mannskapet, fekk han i stand ein avtale der dei skulle få dobbel betaling om filmen vart ein suksess og ingenting om det gjekk dårleg. Wadleigh prøvde å lage ein film som omhandla hippiane like mykje osm musikken, lytta til kjenslene deira om hendingar som skjedde samstundes som festivalen (som vietnamkrigen), i tillegg til dei fastbuande sitt syn.[29]

Woodstock vann Oscarprisen for beste dokumentarfilm.[30] Filmen vart rekna som kulturelt viktig av amerikanske Library of Congress. I 1994 kom Woodstock: The Director's Cut ut og var utvida med framføringar av Janis Joplin og Jefferson Airplane, Jimi Hendrix og Canned Heat som ikkje var med i den originale filmen. I 2009 vart filmen gjeven ut på DCD, denne gongen på Blu-ray.

Ein annan film om Woodstock kalla Taking Woodstock vart laga i 2009 av den taiwanske filmskaparen Ang Lee.[31]

Albuma[endre | endre wikiteksten]

Det er gjeve ut to album med musikk frå filmen. Det første, Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More, vart gjeve ut på tre LP-plater (seinare to CD-plater) med klipp frå ein eller to songar av dei fleste artistane som spelte på festivalen. Eit år seinare kom Woodstock 2 på to LP-plater. Begge albuma inneheld kunngjeringar frå scenen mellom songane. I 1994 vart eit tredje album gjeve ut, Woodstock Diary. Spor frå alle tre albuma, samt mange andre songar som tidlegare ikkje var gjevne ut, vart gjevne ut av Atlantic som ein CD-boks med fire plater kalla Woodstock: Three Days of Peace and Music. Det vart òg gjeve ut eit album kalla Jimi Hendrix: Woodstock i 1994 med berre konserten til Jimi Hendrix på festivalen.

I 2009 gav Joe Cocker ut heile konserten han heldt på Woodstock. Albumet inneheld elleve songar, der ti av dei ikkje var gjevne ut før.

I 2009 vart òg heile konsertar frå Woodstock av Santana, Janis Joplin, Sly & the Family Stone, Jefferson Airplane og Johnny Winter gjevne ut separat av Sony BMG/Legacy, og desse vart òg samla i ein boks kalla The Woodstock Experience. Rhino Records gav i 2009 ut ein CD-boks på seks plater kalla Woodstock: 40 Years On: Back to Yasgur's Farm, med fleire framføringar, samt scenekunngjeringar og andre tilhøyrande ting.[32]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Max Yasgur nekta å leige ut garden sin for ein ny festival i 1970, og sa “så vidt eg veit driv eg ein mjølkegard.” Yasgur døydde i 1973, men sonen driv framleis garden.[33]

Innbyggjarane i Bethel stemde ikkje på den ansvarlege under valet i november 1969 på grunn av rolla hans i å føre festivalen til byen. Staten New York og byen Bethel vedtok lover som hindra store menneskesamlingar for å hinder fleire festivalar. For å hindre folk i å vitje staden, vart det spreidd hønsemøkk og under eit jubileum vart traktorar og statlege politibilar nytta til å danne vegsperringar. I 1989 samla 20 000 menneske seg ved staden for 20-årsjubileet. Ein lokal mann sette opp eit minnesmerke på staden og i 1997 sette ei lokal foreining opp eit velkomstskilt. I motsetnad til Bethel har byen Woodstock prøvd å utnytte den kjende festivalen. Bethel har derimot endra meining dei siste åra og har prøvd å knyte band mellom Bethel og Woodstock. [34]

Det vart lagt om lag 80 søksmål mot Woodstock Ventures. Filmen finansierte forlika og gjelda på $1,4 millionar dollar som dei hadde etter festivalen.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. State Investigating Handling of Tickets At Woodstock Fair, august 27, 1969, s. 45 
  2. «Woodstock in 1969». Rolling Stone. 2004-06-24. http://www.rollingstone.com/news/story/6085488/woodstock_in_1969. Henta 19. mars 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Robert Stephen Spitz (1979). Barefoot in Babylon. The Viking Press, New York. 
  4. 4,0 4,1 Bordowitz, Hank (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago, Illinois: Chicago Review Press, Incorporated. s. 390. ISBN 10-1-55652-661-X. 
  5. CPI Conversion factors 1774 to est. 2018, in dollars of 1996
  6. BBC ON THIS DAY - 1969: Woodstock music festival ends, 1969-08-18, http://news.bbc.co.uk/onthisday/hi/dates/stories/august/18/newsid_2760000/2760911.stm, henta 13. april 2011 
  7. Tiber, Elliot. "How Woodstock Happened... Part 1, Discoverynet, reprinted from The Times Herald-Record, Woodstock Commemorative Edition (1994)
  8. Woodstock69.com
  9. Tiber, Elliot. "How Woodstock Happened... Part 2, Discoverynet, reprinted from The Times Herald-Record, Woodstock Commemorative Edition (1994)
  10. Tiber, Elliot; Tom Monte (2007). Taking Woodstock. SquareOne Publishers. ISBN 0757002935. 
  11. Bleyer, Bill (2009-08-08), The road to Woodstock runs through Sunken Meadow State Park., http://www.newsday.com/long-island/nassau/road-to-woodstock-runs-through-sunken-meadow-1.1357820, henta 13. april 2011 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Woodstock Now & Then VH1 and The History Channel 2009 Documentary
  13. Collier, Barnard L. (august 16, 1969), 200,000 Thronging To Rock Festival Jam Roads Upstate, s. 1, 31  A state police official said, "We're just going to reroute everybody; Sullivan County is filled up."
  14. «Statement on the Historical and Cultural Significance of the 1969 Woodstock Festival Site». http://www.woodstockpreservation.org/SignificanceStatement.htm. Henta 13. april 2011. 
  15. Tired Rock Fans Begin Exodus, New York Times, 1969-08-18, http://www.nytimes.com/learning/general/onthisday/big/0817.html, henta 13. april 2011 
  16. Andy Bennett; Simon Warner (Mai 2004). Remembering Woodstock. Ashgate Publishing. 
  17. Bill Hanley: Father of Festival Sound
  18. Bill Hanley: The Father of Festival Sound
  19. «Janis Joplin entry». Encyclopedia Britannica. 2006-09-24. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/306112/Janis-Joplin. Henta 13. april 2011. 
  20. Bob Dylan. Chronicles Volume One. s. 116. 
  21. Doors.com
  22. Lewis, Dave (1997). Led Zeppelin: The Concert File. Omnibus Press. ISBN 978-0711953079. 
  23. Liner notes to Tommy James and the Shondells: Anthology (album #R2 70920); compilation produced by Bill Inglot and Gary Peterson; Rhino Records Inc.; pp8&12.
  24. «Passing On Woodstock: Who and Why». http://www.woodstockstory.com/passingperformersbands.html. Henta 13. april 2011. 
  25. Liner notes on their album "Clear"
  26. Frank Houston. «Salon.com People: Joni Mitchell». Salon.com. http://archive.salon.com/people/bc/2000/04/04/mitchell/print.html. Henta 13. april 2011. 
  27. "Woodstock producer: Roy Rogers, not Hendrix, could have closed" Washington Examiner, august 10, 2009
  28. Fornatale, Pete (2009). Back to the Garden: The Story of Woodstock. Simon & Schuster. ISBN 1416591192, 9781416591191. 
  29. «How Woodstock Came To Be...(continued)». Arkivert frå originalen den 2002-01-06. http://web.archive.org/web/20020106071119/http://www.geocities.com/~music-festival/how-w2.htm. Henta 30. april 2011. 
  30. "The Official Academy Awards® Database"
  31. IMDb.com
  32. «Woodstock -- 40 Years On: Back to Yasgur's Farm boxed set» (Press release). Rhino.com. 2009-06-05. http://www.rhino.com/rzine/pressrelease.lasso?PRID=628. Henta 10. juni 2011. 
  33. Max Yasgur Dies; Woodstock Festival Was on His Farm, 1973-02-09 
  34. Woodstock at 40: A tale of two towns Times-Herald Record august 13, 2009

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Woodstockfestivalen
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Woodstockfestivalen

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°42′05″N 74°52′49″W