Woodwarditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Woodwarditt

Woodwarditt er eit koparhaldig mineral som vert danna ved forvitring av koparsulfid. Mineralet opptrer som blå skorper og belegg. Den kjemiske formelen er Cu4Al2(SO4)(OH)12 ·2–4H2O. Strukturmessig er mineralet i slekt med glaukokerinitt.

Mineralet er kalla opp etter den britiske geologen Samuel Pickworth Woodward (1821–65). I Noreg har ein påvist mineralet i Minnesund, Froland og Sauda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«woodwarditt» i Store norske leksikon, snl.no.