Woody Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Woody Bay er ei bukt 5 km vest for Lynton og 12 km aust for Combe Martin på nordkysten av Devon i England. Den steinete stranda ligg mellom bratte klipper nedanfor høgdedraga Exmoor. Området er i dag eit roleg område av Devon, i utkanten av Exmoor nasjonalpark opg eit vendepunkt på vandrestien South West Coast Path, men ein gong var det planar om å utvikle eit travelt ferieområde her.

Obest Lake ønskte å utvikle nabobyane Lynton og Lynmouth til eit ferieparadis og gjorde mykje for å utvikle området. Det vart bygd hotell her i 1894, ein ny golfbane, tomtar vart selde for å byggje villaer, vegar og jernbane vart bygde og ei lang brygge som dampbåtane kunne legge til. Brygga var derimot for kort til at båtane kunne leggje til ved fjøre sjø, og ho vart seinare kraftig råka av ein storm. Pengane til Lake to slutt og han gjekk personleg konkurs. Lake måtte i fengsel for å ha skusla bort pengane til andre investorar og døydde i 1907 i lag med planane om vidare utvikling av området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°13′37″ N 3°53′31″ W