World Idol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

World Idol var den fyrste og einaste internasjonale versjonen av fjernsynsserien Idol, og vart arrangert i desember 2003, medan vinnaren vart presentert 1. januar 2004. Deltakarane var dei fyrste nasjonale Idol-vinnarane frå 11 nasjonar. Etter å ha presentert deltakarane skulle sjåarane frå dei 11 deltakande nasjonane røyste på kven dei syntest var flinkast, utan å røyste på deltakaren frå sitt eige land. Alle deltakarane song på engelsk bortsett frå Diana Karazon frå Saudi-Arabia som song på arabisk. Vertane for programmet var dei britiske programleiarane «Ant og Dec».

Idol-dommaren Simon Cowell var svært kritisk til formatet, og gjekk så langt som å seie at han hata det. Han meinte òg at det førde til at vinnarane frå dei 10 landa som ikkje vann World Idol ville verte sett på som taparar. Han deltok likevel som dommar i programmet.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

11 land har deltatt minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva for år dei debuterte:

År Land som debuterte i tevlinga
2003 Flag of Australia.svg Australia, Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flag of Canada.svg Canada, Flag of the Netherlands.svg Nederland, Flag of Norway.svg Noreg, Flag of Poland.svg Polen, Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia, Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia, Flag of South Africa.svg Sør-Afrika,
Flag of Germany.svg Tyskland, Flag of the United States.svg USA

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Vertsby og land Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2003 London i Storbritannia Flag of Norway.svg Noreg «Beautiful Day» Kurt Nilsen Engelsk

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Poenga vart gjevne på same måte som i Eurovision Song Contest, og var:

Plassering Deltakar Land Poeng Song Original artist
1 Kurt Nilsen Flag of Norway.svg Noreg 106 «Beautiful Day» U2
2 Kelly Clarkson Flag of the United States.svg USA 97 «You Make Me Feel (Like A Natural Woman)» Aretha Franklin
3 Peter Evrard Flag of Belgium (civil).svg Belgia 83 «Lithium» Nirvana
4 Heinz Winckler Flag of South Africa.svg Sør-Afrika 80 «I Don't Want To Miss A Thing» Aerosmith
5 Will Young Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 72 «Light My Fire» José Feliciano
6 Ryan Malcolm Flag of Canada.svg Canada 62 «He Ain't Heavy, He's My Brother» The Hollies
7 Guy Sebastian Flag of Australia.svg Australia 56 «What A Wonderful World» Louis Armstrong
8 Alicja Janosz Flag of Poland.svg Polen 55 «I Don't Know How To Love Him» Jesus Christ Superstar
9 Alexander Klaws Flag of Germany.svg Tyskland 45 «Maniac» Michael Sembello
10 Diana Karazon Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia 45 «Ensani Ma Binsak» Diana Karazon
11 Jamai Loman Flag of the Netherlands.svg Nederland 36 «Sorry Seems To Be The Hardest Word» Elton John

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Det var med dommarar frå alle deltakande nasjonar. Dommarane var:

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.