World of Goo
| World of Goo | |
| Utviklar(ar) | 2D Boy |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | 2D Boy Nintendo (WiiWare) |
| Sjanger | Tenkjespel |
| Spelmodus | Einspelar, samverkande (Wii og Linux) |
| Utgjeving | WiiWare
NA 13. oktober 2008 Windows (Steam) Windows (frå heimesida) Mac OS X Linux |
| Medium | DVD |
| Aldersgrense | ESRB: E PEGI: 3+ USK: 0 |
World of Goo er eit tenkjespel utvikla av 2D Boy for WiiWare, Windows, Mac OS X og Linux. Det vart gjeve ut i oktober 2008 i Nord-Amerika, og i desember 2008 i Europa.
Spelet baserer seg på fysikk og tanken om å lage digre kompleks ved å nytte små klissballar. Det er delt inn i fem kapittel, kvar av dei med fleire nivå. Eit ekstra rom i spelet tek opp alle klissballane som ein får til overs, der ein kan prøve å byggje eit tårn av desse utan at det velt over. Høgda på tårnet blir registrert på ein nettenar hjå 2D Boy, og spelarar frå heile verda kan tevle om å byggje det høgaste tårnet.