World of Warcraft
World of Warcraft er det siste spelet i Warcraft universet frå Blizzard Entertainment. Dette er eit «MMORPG» (Massive Multiplayer Online Role-Playing Game), der ein skapar ein eigen figur for å leggje ut på eventyrreise i den oppdikta verda Azeroth. Dette er det første utgjeve spelet i serien som braut med strategisjangeren. Blizzard har 1200 fast tilsette som jobbar med å utvikle spelet.
Rob Pardo leia laget som utforma Azeroth i World of Warcraft. For dette arbeidet kom han i 2006 på Time Magazine si liste over dei 100 viktigaste personane i verda, igjennom kategorien underhaldning.[1][2] Times la spesielt merke til at delen brukarar då talde 6 millionar.[3] I januar 2008 passerte talet på brukarar 10 millionar.[4]
Den først offisielle utvidingspakken «The Burning Crusade» (Det brennande krosstoget), kom i sal den 16. januar 2007.
Artane [endre]
- Alliansen er for tida samansett av dvergane, gnomane, menneska og nattalvane. Har ein utvidinga Det brennande krosstoget får ein også tilgang til å spele som Draeneiane.
- Horden er for tida samansett av daudingane, dei kyraktige tauren, orkane, og blå troll. Har ein utvidinga Det brennande krosstoget får ein også tilgang til å spele som blodalvane.
I tillegg er det ei rekkje artar som berre vert styrt av spelet. Desse har mellom andre vore småtroll, kjempene og firfislene.
Bakgrunnsstoff [endre]
- http://www.worldofwarcraft.com/index.xml
- http://www.blizzard.com/
- http://www.wowwiki.com/Main_Page hos wikia.
Referansar [endre]