Worms

Koordinatar: 49°36′0″N 8°22′0″E / 49.60000°N 8.36667°E / 49.60000; 8.36667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Worms
Horisonten til Worms
Horisonten til Worms
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Worms
Worms is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Rheinland-Pfalz
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1248
Geografi
Flatevidd
 - By

108,73 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

82 212
  756/km²
Koordinatar 49°36′0″N 8°22′0″E / 49.60000°N 8.36667°E / 49.60000; 8.36667
Høgd over havet 87-167 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 67547-67551
Telefon-retningsnummer 06241
Bilnummer WO
Heimeside: www.worms.de

Worms er ein by sørvest i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 80 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Rhinen og er eit industrisenter kjend for den lokale vinen Liebfraumilch.

Namnet har keltisk opphav, Borbetomagus, som tyder «busetnad i fuktig område». Dette vart etter kvart til Vormatialatinsk, som har vore nytta sidan 500-talet.

Byen vart grunnlagd av keltarar som kalla han Borbetomagus, og i dag kranglar Worms med Trier og Köln om kva av desse som er ein del eldste byen i Tyskland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Worms ligg ved den vestlege breidda til Rhinen mellom byane Ludwigshafen am Rhein og Mainz. Nord i byen renn sideelva Pfrimm ut i Rhinen, og i sør ei anna sideelv kalla Eisbach.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av keltarar før romartida. Drusus erobra byen for romarane i år 14 fvt. Dei gav byen eit regulert gatemønster og bygde forum og tempel for Jupiter, Juno, Mars og Minerva (det siste vart bygd om til kyrkje då kristendomen vart innført). Worms var katolsk bispesete frå seinast 614 til 1801.

Karl den store, konge i Frankarriket, hadde eit palass i Worms. Biskopane administrerte byen og området rundt. Den mest vidkjende av biskopane i tidleg mellomalder var Burchard av Worms.

Domkyrkja i Worms vart bygd i romansk stil, og er ein av de viktigaste romanske kyrkjene i Tyskland. Saman med dei romanske domkyrkjene i nabobyane Speyer og Mainz er ho ei såkalla «keiserkatedral» (Kaiserdom).

Worms var åstad for mange viktige hendingar i Tyskland si historie. I 1122 vart Wormskonkordatet underteikna her. Og her Reichstag hadde sesjonar her i 1521, som enda med at keisar Karl V leverte ut det vidkjende ediktet i Worms, som erklærte Martin Luther fredlaus og ein kjetter. Worms var eit tidleg senter for boktrykkarkunsten. I 1689 vart byen nesten heilt øydelagt av franske troppar. Under den andre verdskrigen vart byen hardt bombardert.

Worms hadde i hundreår ein stor jødisk folkesetnad, og har ein synagoge, som først vart nemnd i 1034, i tillegg til den eldste bevarte jødiske gravplassen i Europa. Den kjende jødiske tenkaren rabbi Meir av Rothenburg er fødd i byen.

Byen er òg ein av dei såkalla Nibelungen-byane (sjå Nibelungenlied).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Worms