Wouldn't It Be Nice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Wouldn't It Be Nice»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Pet Sounds
B-side «God Only Knows»
Utgjeve 11. juli 1966
Innspelt Gold Star Studios
22. januar 1966
Columbia Studios
10. mars 1966
11. april 1966
Sjanger Kunstrock, psykedelisk pop
Lengd 2:22
Selskap Capitol 5706
Låtskrivar(ar) Wilson/Asher/Love
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Sloop John B»
(1966)
----
«Cool, Cool Water»
(1971)
«Wouldn't It Be Nice» «Good Vibrations»(1966)
----
«Long Promised Road»
(1971)

«Wouldn't It Be Nice» er opningssporet på albumet Pet Sounds av The Beach Boys frå 1966. Songen vart skriven og produsert av Brian Wilson, med tekst av Tony Asher og Brian Wilson. Songen vart sungen av Brian Wilson med Mike Love på solovokal på mellomspelet.

Laga med harmoniar på harmoniar og teksten oppå harmoniane gjer dette til ein av dei mest fullkomne Beach Boys-songane. I dokumentaren Endless Harmony skildrar Brian Wilson songen som «det alle born overalt går gjennom… at det skulle vore fint å vere eldre, eller stikke av og gifte seg.»

I eit intervju i 1996 sa Wilson at «Wouldn't It Be Nice» ikkje var ein særleg lang song, men ein særs frisk song som uttrykte frustrasjonen med å vere ung, kva du kan ha, kva du verkeleg ønskjer, og kva du må vente på.

Wilson nytta òg tittelen på songen som tittel på sjølvbiografien hans.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I november 1969 selde far til Wilson, Murry Wilson, rettane til songane til bandet til Irving Almo for om lag $700 000. I april 1992 hadde Brian Wilson vunne retten til songane sine tilbake i retten i tillegg til $25 millionar i tapte honorarinntekter. Mike Love saksøkte så Brian Wilson for $13 millionar og hevda at han ikkje hadde vorte tilskriven mange av songane og derfor ikkje fått honorar. Ein av desse songane var «Wouldn't It Be Nice». Opphavleg var teksten tilskriven Wilson/Asher, men Mike Love hevda at han hadde skrive nokre av tekstlinjene, særleg «Good night my baby, sleep tight my baby»-delen. Mike Love vann søksmålet.

Tony Asher har derimot hevda at Love var minimalt involvert i songen[1] og at songen var ein av få songar han sjølv skreiv heile teksten til aleine.[1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Akkompagnementet vart spelt inn i Los Angeles ved Gold Star Studios den 22. januar 1966. Lydteknikar på innspelinga var Larry Levine og det heile var produsert av Brian Wilson. Det tok 21 forsøk på å spele inn akkompagnementet før Brian Wilson var nøgd. Utdrag frå desse innspelingane er gjevne ut i boksen The Pet Sounds Sessions frå 1997.[2]

Musikarane som medverka denne dagen var Hal Blaine på trommer, Frank Capp på perkusjon, Roy Caton på trompet, Jerry Cole på gitar, Al de Lory på piano, Steve Douglas på saksofon, Carl Fortina på trekkspel, Plas Johnson på saksofon, Carol Kaye på bassgitar, Barney Kessel på ein spesiallaga 12-strenga mandolin, Larry Knechtel på orgel, Frank Marocco på trekkspel, Jay Migliori på saksofon, Bill Pitman på gitar, Ray Pohlman på mandolin og Lyle Ritz på kontrabass.[3]

Vokalen vart spelt inn i løpet av to dagar ved Columbia. Den første dagen var 10. mars, då «I'm Waiting for the Day», «God Only Knows» og «I Just Wasn't Made for These Times».[4] Det var truleg harmonivokalen som vart spelt inn denne dagen, sidan det finst eit spor med akkompagnementet og harmonivokalen på The Pet Sounds Sessions. Den neste innspelingsdagen var 11. april og solovokalen vart då truleg spelt inn.[4]

På 'The Pet Sounds Sessions finst òg to alternative miksar av songen.

Singelutgåve[endre | endre wikiteksten]

11. juli 1966 vart «Wouldn't It Be Nice» gjeven ut med «God Only Knows» som singel i USA. Det var den tredje singelen frå Pet Sounds. Han nådde åttandeplassen på singellista i USA i september 1966. I Australia nådde singelen andreplass.[5] På New Zealand nådde singelen 12. plass.[6] I Europa vart songen gjeven ut som B-sida til «God Only Knows»[7] og nådde andreplassen i Storbritannia.

I april 1971 vart ei konsertutgåve av songen frå Live In London gjeven ut i USA. Denne singelen gjorde det ikkje særleg bra og gjekk inn på lista.

I juli 1976 vart songen gjeve ut på ny i Storbritannia som B-sida til «Good Vibrations». Singelen nådde 18. plass.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

På ein hyllestkonsert til Wilson i 2001 song Wilson sjølv songen i ein duett med Elton John.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tony Asher-intervju frå april 1996
  2. Unsurpassed Masters Vol.13
  3. The Pet Sounds Sessions: "The Making Of Pet Sounds"-hefte
  4. 4,0 4,1 «Innspelingar i 1966». Arkivert frå originalen den 2012-06-30. http://archive.is/7or0. 
  5. Abbott, Kingsley (2003), Back To The Beach, Helter Skelter Publishing, ISBN 1-900924-46-3
  6. New Zealand Single Charts
  7. «UK 1960's Singles Charts». Arkivert frå originalen den 2012-11-30. http://archive.is/wQUV.