Wrap Her Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wrap Her Up
Singel av Elton John
frå albumet Ice on Fire
Utgjeve 1985
Sjanger Poprock, New Wave
Lengd 6:04
Selskap Geffen (US/Canada)
Rocket Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin, Charlie Morgel, Paul Westwood, Davey Johnstone, Fred Mandel
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Nikita»
(1985)
Wrap Her Up «Cry to Heaven»
(1986)

«Wrap Her Up» er ein song av den engelske popsongaren Elton John på albumet Ice on Fire frå 1985. George Michael syng duett med John på songen.

Mot slutten av songen vert det nemnd fleire kjende kvinner, som Kiki Dee, som Elton John song duetten «Don't Go Breaking My Heart» med i 1976. Ho syng òg korvokal på «Wrap Her Up». Dee er òg med i musikkvideoen der John kastar ei fløytekake i andletet hennar. Andre som vert nemnde er Marlene Dietrich, Rita Hayworth, Marilyn Monroe, Katharine Hepburn, Dusty Springfield, Billie Jean King, Vanessa Williams, Nancy Reagan, Julie Andrews, Annie Lennox, Shirley Temple, Tallulah Bankhead, prinsesse Caroline av Moncaco, Little Eva, Mata Hari, Joan Collins, Brigitte Bardot, Doris Day og Samantha Fox.

Elton spelar verken piano eller klaverinstrument på denne song.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Elton John: Vokal
  • George Michael: Vokal
  • Davey Johnstone: Elektrisk gitar, korvokal
  • Fred Mandel: Klaverinstrument, sequencers
  • David Bitelli: Tenor- og barytonsaksofon
  • Paul Spong: Trompetar
  • Raul D'oleivera: Trompetar
  • Rick Taylor: Trombone
  • Phil Todd: Altsaksofon
  • James Newton Howard: Strykearrangement
  • Kiki Dee: Korvokal
  • Katie Kissoon: Korvokal
  • Pete Wingfield: Korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]