Wright Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wright Peninsula
halvøy
Sighing Peak (føre) og Stokes Peaks på nordsida av Wright Peninsula. På høgresida ligg Stonehouse Bay.
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 67°28′S 68°10′W / 67.467°S 68.167°W / -67.467; -68.167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Wright Peninsula
67°28′00″S 68°10′00″W / 67.4667°S 68.1667°W / -67.4667; -68.1667
Wright Peninsula is located in Antarktis
Wright Peninsula (Antarktis)

Wright Peninsula er ei halvøy som ligg mellom Ryder Bay og Stonehouse Bay på austkysten av Adelaide Island i Antarktis. Ho vart namngjeve av the United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1964 etter Alan F. Wright, som var landmålar i British Antarctic Survey (BAS) ved den nærliggande Adelaide station, 1960-63.

Wormald forlandsbre dekkjer store delar av Wright Peninsula og endar i høge isklipper ved Laubeuffjorden. Fjella til høgre er ein del av Stokes Peaks. Lengst til venstre kan ein sjå eit vatn av smeltevatn frå isen. Retninga er mot nord-nordvest.

Før 1964 vart halvøya kalla «Square Peninsula»[1], som svarar til forma på halvøya. Nord på kysten ligg Stokes Peaks og på sørsida Reptile Ridge. På austkysten ved Laubeuffjorden ligg Wormald forlandsbre med vertikale isklipper som gjer at det berre er to isfrie stader det er mogeleg å gå i land. Ein av desse er ved Rothera Point heilt sør på halvøyar, der den britiske Rothera forskingsstasjon ligg. Den andre er det vesle Mackay Point. Like utanfor breen ligg Webb Island. Princess Royal Range skil halvøya frå rest av Adelaide Island og er berre landfast ved McCallum Pass.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryan, R. 1965. Observations on snow accumulation patterns at Adelaide Island. Brit. Antarc. Surv. Bull., 6, 51–62, page 51, At: http://www.antarctica.ac.uk/documents/bas_bulletins/bulletin06_07.pdf
  2. Geographic data taken frå British Antarctic Survey topographic map (Satellite Image Map) SQ 19-20/14 (Extended), Edition 1, 2010. Adelaide Island and Arrowsmith Peninsula, Scale 1:250.000

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wright Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).