Wright Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wright Valley
dal
Vestover mot Lake Vanda og Dais frå foten av Bull Pass.
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°10′S 161°50′E / 77.167°S 161.833°E / -77.167; 161.833
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Wright Valley
77°10′00″S 161°50′00″E / 77.166666666667°S 161.83333333333°E / -77.166666666667; 161.83333333333
Kart over Wright Valley med Onyx River og Lake Vanda.
Kart over Wright Valley med Onyx River og Lake Vanda.
Kart over Wright Valley med Onyx River og Lake Vanda.
Wright Valley is located in Antarktis
Wright Valley (Antarktis)
Wikimedia Commons: Wright Valley

Wright Valley er den sentrale av dei tre store Dry Valleys i Dei transantarktiske fjella, vest for McMurdo Sound. Han har namn etter C.S. Wright, som var medlem av Terra Nova-ekspedisjonen.[1]

[Onyx River]], den lengste elva i Antarktis, renn gjennom dalen, og her ligg Lake Brownworth, som er kjelda til Onyx River og Lake Vanda, som får vasstilførsel frå Onyx River. I den sørvestlege greina, South Fork, ligg Don Juan Pond. Den øvre delen av dalen vert kalla Labyrinth og ligg i vestenden av dalen.

Sjølv om delar av det samanhengdande dalsystemet vart oppdaga i 1903 av Discovery-ekspedisjonen leia av kaptein Scott, vart ikkje Wright Valley, som ligg nær midten av systemet, sett før det vart teke flyfoto av området i 1947.[2]

I midten av 1960-åra byrja det å gå opp for forskarane at sjølv om dalen låg like ved den permanente austantarktiske innlandsisen, så hadde dalen vore isfri i minst tusenvis av år.[3] Lake Vanda, får vatn tilført om sommaren frå Onyx River og har uvanleg varmt vatn i djupet. Sjølv om han er dekt av eit kring 3 meter tjukt islag året rundt, er vasstemperaturen 65 meter nede i djupna kring 25 ºC.[4] Mangelen på snø, innsjøar med høge temperaturar, uvanlege bergformasjonar, mumifiserte selar, og nesten fullstendig mangel på planteliv har gjort staden til ein ynda stad for forskarane.

I 1968 oppretta New Zealand Vanda-stasjonen nær austenden av Lake Vanda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wright Valley», Antarctica NZ (på engelsk), henta 14. november 2023 
  2. Harrowfield, David L., 2005: Vanda Station, History of an Antarctic Outpost. New Zealand Antarctic Society. ISBN 0-473-06467-7.
  3. *McKelvey, B. C., and P. N. Webb, 1962: «Geological investigations in the south of Victoria Land i Antarctic, 3. Geology av Wright Valley.» New Zealand Journal of Geology and Geophys. 5, 143-162.
  4. Ragotzkie, R. A., and G. Likens, 1964: «The heat balance of two Antarctic lakes.» Limnology and Oceanography 9, 412-425

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]