Wurm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wurm
Wurm ved Gut Kalkofen i Aachen
Wurm ved Gut Kalkofen i Aachen
Utspring Nordrhein-Westfalen
- Høgd ±270 m
Munning Roer
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Nederland Nederland
Lengd 53 km
Middelvassføring 1,4 m³/s
Nedslagsfelt 354 km²

Wurm (nederlandsk: Worm) er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Roer frå venstre. Ho har sitt utspring får fleire småelvar i skogane sørvest for Aachen, som dannar Wurm etter reservoaret Diepenbenden. Frå her renn Wurm gjennom fleire kanalar i byen Aachen og kjem opp att ved Europaplatz aust i Aachen. Nord for Aachen (mellom Kerkrade og Herzogenrath) dannar elva grensa til Nederland i om lag 10 km. Ho munnar ut i Roer nær Heinsberg. Andre byar langs Wurm er Würselen, Übach-Palenberg og Geilenkirchen.

Ein meiner at namnet Wurm kjem av det tyske ordet warm, som tyder varm, sidan kjeldene hennar kjem frå varmekjelder i Aachen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kalinka, G., Schütten, J., Naturraum Wurmtal, Wurmverlag Herzogenrath 1993