Wuwei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Wuwei (gul) i Gansu
Det sentrale torget i Wuwei
Eit klokketårn i Wuwei

Wuwei (kinesisk: 武威; pinyin: Wŭwēi) er eit byprefektur sentralt i provinsen Gansu i Folkerepublikken Kina. Prefekturet har eit areal på 33 249 km² og hadde 1 815 054 ibuarar i 2010.

Byprefekturet Wuwei omfattar eitt distrikt (区 ), to fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I den kinesiske oldtida vart Wuwei kalla Liangzhou (凉州), og var den austlegaste endestasjonen for den såkalla hexikorridoren. Området var busett frå ca 3000 år f.Kr. Staden vart ein viktig by langs den nordlege Silkevegen,[1] noko ei rad arkeologiske funn gjort i Wuwei viser, mellom anna av koparvogner med steindyr.[2] I 121 f.Kr. sende Han-keisaren Wudi kavaleriet til staden for å forsvare hexikorridoren mot xiongnuane. Denne hæren lukkast militært, noko som førte til den kinesiskregjerte korridoren vart utvida vestover.

Med si rolle som stoppestad på handelsvegane vart Wuwei eit møtepunkt for mange folk og kulturar. Mange buddhistiske grotter og tempel i området vitnar om utbreiinga av buddhismen frå India og Afghanistan til Kina.

Under Dei tre statars tid rådde Ma Teng over Liangzhou. Etter Ma Teng døydde overtok Ma Chao, han regjerte byen ei kort tid før byen vart erobra av Cao Cao, herskar over Wei-riket.

Seinare, under dei fem dynastia og ti kongedømmas tid, låg eit mindre mellomalderrike Liangzhou i området.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Silk Road, North China, C Michael Hogan, The Megalithic Portal, ed. A Burnham
  2. Zhang Yiping, Story of the Silk Road, 2005, 五洲传播出版社, ISBN 9787508508320

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wuwei

Kjelder[endre | endre wikiteksten]