Wuxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wuxi sentrum

Wuxi (kinesisk skrift 无锡, pinyin Wúxī[1], shanghaidialekt: [ɦu.ɕiɪʔ]) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu ved den kinesiske kysten mot Gulehavet. Ein rekna med at folketalet var rundt 1 010 000 i 2004, medan heile prefekturet har rundt 4,32 millionar innbyggarar. Byen ligg ved den store innsjøen Taihu mellom Shanghai og Nanjing.

På grunn av sin kraftige økonomiske vekst blir byen ofte kalla Litle Shanghai. Wuxi er ein av dei økonomiske og industrielle sentra i provinsen Jiangsu, og ligg gunstig til ved Keisarkanalen og ved hovudtrafikkårene (motorveg, jernbane) mellom Shanghai og Nanjing.

Wuxi

Prefekturet er delt i to halvdelar av Taihu, og grensar til Changzhou i vest og Suzhou i aust. Den nordlege halvdelen av prefekturet skuer nordover over Yangtsefloden til prefekturet Taizhou, medan den sørlege halvparten har sørgrensa sin mot provinsen Zhejiang.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Wuxi» tyder 'utan tinn' på moderne kinesisk. Andre tolkingar av namnet er at det skal koma frå «Wuxu» (吳墟) og visa til ruinane av Wu-staten, eller eit baiyue-ord som tyder 'gudefugl'.[2]

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Buddhafigur i Lingshan ved Wuxi

Wuxi består av seks bydistrikt og to byfylke:

  • Bydistriktet Chong'an (崇安区), 17 km², 180.000 innbyggarar, regjeringssete;
  • Bydistriktet Nanchang (南长区), 22 km², 320.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Beitang (北塘区), 31 km², 250.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Binhu (滨湖区), 770 km², 670.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Huishan (惠山区), 327 km², 380.000 innbyggarar;
  • Bydistriktet Xishan (锡山区), 454 km², 430.000 innbyggarar;
  • Byfylket Jiangyin (江阴市), 987 km², 1,18 mill. innbyggarar;
  • Byfylket Yixing (宜兴市), 2.177 km², 1,06 mill. innbyggarar.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Qing-diplomaten Xue Fucheng sin gamle heim i Wuxi[3] vart i 2001 lagt til Folkerepublikken Kinas liste over kulturminne.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ikkje berre ved Keisarkanalen og nær Kinas viktigaste naturlege vassveg Chang Jiang, men er er òg stoppestad på den viktige jernbanelinja Jinghubanen som går frå Beijing til Shanghai via mellom anna Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou.

Riksveg 312 i Kina går gjennom området. Den fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, og passerer mellom anna Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eldre transliterasjonar Wu-shi, Wushi eller Wuish
  2. Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene: 无锡”地名的由来 (Kinesisk), 而今现在(2006-05-01 00:00:00 ~ 2006-06-01 00:00:00档案), 无锡市, 无锡, 考“无锡”地名的由来,无锡地名典故
  3. Xue Fucheng guju jianzhuqun, 薛福成故居建筑群