Wyandotthøns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wyandotthøns

Wyandott er ei tung hønerase som stammar frå USA.

Wyandott er oppkalla etter indianarstamma med same namn og vart kjent på 1880-talet. Det er ein kombinasjonsrase som er ein god eggleggjar og gode kjøtdyr. Dvergvarianten vart framavla i Tyskland, Nederland og Storbritannia. Egga veg 55-60 gram for stor og 35 gram for dverg. Eggfarga er rosa til brun. Hanen veg 3,8 kg og høna veg 3,1 kg. Når det gjeld dvergvarianten veg hanen 1,2 kg og høna veg 1 kg. Det er den hønserasa som har flest godkjente fargar, 29 stk.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

  • Kvit
  • Svart
  • Gul
  • Blå
  • Raud
  • Tverrstripa
  • Gul/tverrstripa
  • Raud/tverrstripa
  • Ljos/columbia
  • Ljoseblå/columbia
  • Lumbia
  • Gul/columbia
  • Gul/blå/columbia
  • Svart/kvitflekka
  • Legbarfarga
  • Gullhalsa
  • Svart/gullhalsa
  • Sølvhalsa
  • Svart/sølvhalsa
  • Oransje
  • Rapphønsfarga
  • Brunbanda
  • Sølvteikna
  • Sølvranda
  • Gullranda
  • Blå/gullranda
  • Kvit/gullranda
  • Trefarga
  • Lakefarga
  • Bjørkefarga

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wyandotthøns