Wyclef Jean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wyclef Jean
WyclefJean.jpg
Verkeleg namn Nel Ust Wyclef Jean
Alias Wyclef Jean
Fødd 17. oktober 1972, Croix-des-BouquetsHaiti
Instrument Vokal
Yrke Songar, musikkprodusent
Tilknytte artistar Fugees
Plateselskap Columbia Records

Nel Ust Wyclef Jean (fødd 17. oktober 1972) er ein haitisk-amerikansk songar, musikkprodusent og politisk aktivist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Wyclef Jean vart fyrst kjend som ein av rapparane i hip-hop-trioen Fugees frå 1992 til 1997, saman med Pras Michel og Lauryn Hill. I -97 starta han solokarrieren sin med plata The Carnival. Han har hatt stor suksess som soloartist, og vart m.a. kjend for hitsa Gone Till November og 911. Fram til 2011 har han stått for ni soloutgjevingar. Wyclef Jean opptrådte m.a. på Nobels Fredspriskonsert i Oslo i 2009.

I 2010 ynskte han å stille til presidentvalg på Haiti, men fekk ikkje stille fordi han ikkje har fast base i landet. Den siste plata hans frå 2011 har då også fått tittelen If I Were President: The Haitian Experience. 19. mars 2011 blei han skoten i handa utanfor Port-au-Prince, men blei utskriven frå sjukehuset dagen etter.[1]

Wyclef Jean er gift med Marie Claudinette, og dei har ei adoptivdotter saman.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: The Carnival
  • 2000: The Ecleftic: 2 Sides II a Book
  • 2002: Masquerade
  • 2003: Greatest Hits
  • 2003: The Preacher's Son
  • 2004: Welcome to Haiti: Creole 101
  • 2007: Carnival Vol. II: Memoirs of an Immigrant
  • 2009: From the Hut, To the Projects, To the Mansion
  • 2011: If I Were President: The Haitian Experience

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om Wyclef Jean, henta inn 25. mars 2011.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wyclef Jean skutt i Haiti
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.