Wylie-translitterering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wylie)

Wylie-translitterering er ein metode for å transkribere tibetansk skrift med bokstavane i det latinske skriftsystemet (a-z). Metoden har fått namn etter Turrell Wylie, som utvikla systemet i 1959. Etter det har Wylie-systemet vore standardtransliterering for tibetansk i USA. Systemet er tovegs, dvs. det er mogleg å på ein eintydig måte å gå frå tibetansk skrift til Wylietranslitterering og attende att.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar

Etter Wylie-translittereringa blir dei tibetanske konsonantane representert på denne måten:

ཀ   k ཁ   kh ག   g ང   ng
ཅ   c ཆ   ch ཇ   j ཉ   ny
ཏ   t ཐ   th ད   d ན   n
པ   p ཕ   ph བ   b མ   m
ཙ   ts ཚ   tsh ཛ   dz
ཝ   w ཞ   zh ཟ   z འ   '
ཡ   y ར   r ལ   l
ཤ   sh ས   s ཧ   h

Den siste bokstaven i det tibetanske alfaberet, «nullkonsonanten», blir ikkje translitterert, i og med at han berre opptrer i vokalinitiale stavingar, og dermed kan rekonstruerast.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokale

Dei fire vokalteikna blir representert på denne måten:

ཨི i ཨུ u ཨེ e ཨོ o

Viss ei staving ikkje har vokalteikn, blir bokstaven a lagt til, for å vise den inherente vokalen a. (t.d. ཨ་ = a).

for å vise rotbokstaven. Etter denne rotbokstaven er det mogleg å slå opp ord i ordbøker

Store bokstavar[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare translittereringssystem for tibetansk vart det brukt store bokstavar, for å vise kva som er rotbokstav. Med desse rotbokstavane var det mogleg å slå opp ord i ordbøker. Metoden vart likevel ikkje brukt konsekvent, og derfor innførte Wylie ein praksis med å skrive første bokstav i eit ord som stor bokstav.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Tysk wikipedia