Wynental

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wynental er dalen til elva Wyna og ligg hovudsakleg i kantonen Aargau i Sveits. Delar av dalen ligg òg i kantonen Luzern. Av kommunar i dalen finn ein Beinwil am See, Beromünster, Burg, Gontenschwil, Leimbach, Menziken, Neudorf, Oberkulm, Pfeffikon, Reinach, Teufenthal, Unterkulm, og Zetzwil.

Elva Wyna er 32 km lang. Ho spring ut nord for Neudorf (LU) og renn nordover mellom Beromünster (LU) og Menziken før ho renn i hop med Suhre like nord for Suhr. Dalen er forholdsvis smal og er i snitt om lag 500 meter brei. Bratte åsar ligg på begge sider.

Liebegg slott

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°16′N 8°8′E