Xanthippe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xanthippe

Teikning av Xanthippe i Promptuarii Iconum Insigniorum frå 1653.
Fødd 5. hundreåret f.Kr.
Aten
Død

4. hundreåret f.Kr.

Yrke aristokrat
Språk gamalgresk
Ektefelle Sokrates
Xanthippe på Commons

Xanthippe (gresk Ξανθίππη) var kona til Sokrates som av ettertida har fått rykte på seg for å ha vore ei vanskeleg kvinne. Omgrepet xantippe har, med dette opphavet, òg vore generelt nytta om eit rivjern – ei hissig eller trettekjær hustru eller kvinne.

Xanthippe tømmer nattpotta over hovudet til Sokrates

Det er mange fleire historier enn det er fakta om Xanthippe. Ein trur at ho var mykje yngre enn filosofen ho var gift med, kanskje så mykje som 40 år. Dette har ein mellom anna lese ut frå Platon sin dialog Pheado 60a, der Sokrates skal ha vore 70 år medan ho var ung nok til å vera mor til eit barn ho bar i armane.

I Symposium av Xenofon seier Sokrates seg einig i at ho er «den vanskelegaste å leva med av alle kvinner som finst», og hevder han gifta seg med henne for dette. I seinare framstillingar var Xanthippe kjend for den skarpe tunga si og det vart sagt at ho var den einaste som nokosinne hadde vunne ein diskusjon med Sokrates. Etter ein spesiell krangel skal ho ha tømt ei potte over hovudet hans, før han skal ha sagt, «Etter tore kjem som regel regnet.»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

I Shakespeare sin Troll kan temmes samanliknar Petruchio Katherina «Som Sokrates' Xanthippe eller verre» i Akt 1 Scene 2.[1]

Den engelske viktorianske poeten Amy Levy skreiv ein dramatisk monolog kalla opp etter «Xantippe».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar