Xbox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om spelkonsollen gjeven ut i 2001. For etterfølgjaren, sjå Xbox 360.
Xbox

Konsoll med handkontroll
ProdusentMicrosoft
ProduktfamilieXbox
Generasjon6.
Lansering2001 og 2002
Avvikla2007 (Japan), 2008 (Europa)
2009 (Nord-Amerika)
Einingar selde24 millionar
MediumCD, DVD
CPUSpesialtilpassa 733 MHz Intel Pentium III
«Coppermine-basert» prosessor
Lagring8 eller 10 GB internt platelager,
8 MB minnekort
Minne64 MB av DDR SDRAM ved 200 MHz
Grafikk233 MHz nVidia NV2A
Mestseljande spelHalo 2, 8 millionar (mai 2006)
EtterfølgjarXbox 360

Xbox er ein spelkonsoll utvikla av Microsoft. Han vart lansert den 21. november 2001 i Nord-Amerika, 22. februar 2002 i Japan og 14. mars 2002 i Europa. Konsollen konkurrerte med PlayStation 2 frå Sony, Sega Dreamcast (som vart teken av marknaden i Nord-Amerika før Xbox vart marknadsført) og Nintendo GameCube. Xbox var den fyrste konsollen som vart marknadsført av eit USA-amerikansk selskap etter at Atari Jaguar vart teken av marknaden i 1996.

Den innebygde Xbox Live-tenesta som vart lansert i november 2002 gav spelarane tilgang til å spele over internett med breibandtilkopling.

Det er selt 24 millionar eksemplar av spelkonsollen. Salet av Xbox vart stogga i 2007 i Japan, i 2008 i Europa og i 2009 i Nord-Amerika. Det siste Xbox-spelet som kom ut var Madden NFL 09, som kom i august 2008. Etterfylgjaren til Xbox, Xbox 360, kom på marknaden i 2005. Xbox Live-tenesta vart avslutta 15. april 2010.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fire ingeniørar frå DirectX-teamet i Microsoft, Kevin Bachus, Seamus Blackley, Ted Hase og DirectX-lagsleiaren Otto Berkes, demonstrerte i 1998 ein prototype av ein spelkonsoll basert på enkelte Dell-datamaskinar og Microsoft Windows-operativsystem.

Under utviklinga vart namnet på den opphavlege DirectX-boxsen forkorta til Xbox. Marknadsavdelinga til Microsoft likte ikkje Xbox-namnet og føreslo mange alternativ. Likevel synte forbrukartestar at Xbox-namnet vart føretrekt meir enn andre namn, og «Xbox» vart namnet på det offisielle produktet.[2]

Microsoft forseinka konsollen fleire gonger. Han var fyrst nemnt av Microsofts dåverande administrerande direktør Bill Gates i eit interjuv i slutten av 1999.

Då Bill Gates lanserte Xbox på Game Developers Conference i 2000, vart publikum imponertw over teknologien i konsollen. Grunna den enorme populariteten til spelkonsollar i Japan, forsinka Microsoft lanseringa av Xbox i Europa for å fokusere på den japanske videospelmarknaden. Likevel var utgivinga av Xbox i Europa meir vellukka enn i Japan.

Populære lanseringsspel for konsollen var mellom anna Dead or Alive 3, Amped: Freestyle Snowboarding, Halo: Combat Evolved, Fuzion Frenzy, Project Gotham Racing og Jet Set Radio Future.

Etterfølgjar[endre | endre wikiteksten]

Etterfølgjaren til Xbox, Xbox 360, vart offentleggjort 12. mai 2005 på MTV og utgjeven i Nord-Amerika 22. november 2005. Salet av Xbox vart stogga i Japan i 2005, rett etter at 360 vart lansert, grunna dårleg sal i landet. Salet var mykje betre i Europa og Nord-Amerika, der salet av konsollen vart stogga høvesvis i slutten av 2008 og tidleg i 2009.

Xbox 360 støttar eit avgrensa tal av spela til Xbox, dersom spelaren har eit offisiell Xbox 360 platelager. Xbox-spel vart selt fram til november 2009.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Xbox-harddisk.
Xbox-hovudkort.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Sal[endre | endre wikiteksten]

Xboxen vart gjeven ut 15. november 2001 i Nord-Amerika og vart fort utseld. I følgje Microsoft hadde konsollen selt 24 millionar eksemplar over heile verda per 10. mai 2006,[3] 16 millionar i Nord-Amerika, 6 millionar i Europa og 2 millionar i Japan.

Region Eksemplar selt
(10. mai 2006)
Fyrst tilgjengeleg
Nord-Amerika 16 millionar 15. november 2001
Europa 6 millionar 14. mars 2002
Japan 2 millionar 22. februar 2002
Heile verda 24 millionar

Xbox Live[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Xbox Live.

Den 15. november 2002 lanserte Microsoft Xbox Live-tenesta. Her kunne abonnentane spele direktekopla Xbox-spel med andre abonnentar rundt om i verda og laste ned nytt innhald direkte til det innebygde platelagret. Den elektroniske tenesta fungerte berre med ei breibandstilkopling.

Omtrent 250 000 abonnentar meldte seg inn innan to månadar etter Xbox Live-lanseringa.[4] I juli 2004 hadde Xbox Live nådd ein million abonnentar, to millionar i juli 2005 og 3 millionar innan juli 2007. I mai 2009 var dette talet blitt til 20 million abonnentar.[5]

Marc Whitten kunngjorde i 5. februar 2012 på gamerscoreblog at Xbox Live-støtte for dei originale Xbox-spela ville verte avvikla 14. april 2010.[6] Tenesta vart stogga etter planen, men ei gruppe på tjue spelarar fortsette å spele i nesten ein månad etter ved å forlate konsollane sine innlogga på Halo 2.[7] APACHE N4SIR var den siste brukaren som spelte på den originale Xboxen si Live-teneste, og vart omsider heilt stogga 11. mai 2010 kl 01:58 EDT (UTC-4).[8][9]

Maskinvare og ekstrautstyr[endre | endre wikiteksten]

Spesielle avgrensa utgåver[endre | endre wikiteksten]

Xboxen kom ut i fleire versjonar enn den mest kjende grøne og svarte. Kasumi-Chan Blue med blått deksel kom ut i Japan 2004 for å markera utgjevinga av spelet Dead or Alive Ultimete. Det vart berre laga 5000 eksemplar av denne.[10] Den kvite versjonen Pure White kom også berre ut i Japan i 1000 eksemplar for å markera toårsjubileet til konsollen.[11] Halo Green frå 2004 hadde gjennomsynleg grønt deksel, og vart selt med Halo Combat Evolved.[12]

Handkontroll[endre | endre wikiteksten]

Xbox controller S-handkontroll
Original Fatty-handkontroll

Xbox-kontrollaren har to analoge spakar, ein navigasjonsknapp, to analoge triggerar, ein angreknapp, ein startknapp, to utvidingsportar og seks 8-bits analoge handlingsknappar (A / Grøn, B / Raud, X / Blå, Y / gul og svarte og kvite knappar).[13]

Standard-Xbox-kontrollaren (også kalla «Fatty»[14] eller «Duke»[15]) vart kritisert for å vere klumpete i høve til andre videospelkontrollar. Han vart tildelt «Blunder of the Year» av Game Informer i 2001,[16] ein «Guinness World Record for den største kontrollaren i Guinness World Records Gamer-utgåva i 2008, og vart rangert som den 2. verste videospelkontrolleren nokon gong av IGN-redaktøren Craig Harris.[17]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. "Xbox Press : A Letter from Marc Whitten: Discontinuation of Xbox LIVE for Original Xbox Games"
  2. Alexander, L., WebCite: Interview: Former Microsoft Exec Fries Talks Xbox's Genesis, WebCite, 14. august 2009.
  3. "Gamers Catch Their Breath as Xbox 360 and Xbox Live Reinvent Next-Generation Gaming" (arkivert). Microsoft. 10.mai 2006.
  4. Coleman, Stephen (2003-01-07). "Xbox Live Subscriptions Double Expectations" Arkivert 2012-01-21 ved Wayback Machine.. IGN.
  5. "Microsoft touts 30 million Xbox 360s sold, 20 million Xbox LIVE members".
  6. "Xbox Press : A Letter from Marc Whitten: Discontinuation of Xbox LIVE for Original Xbox Games". Xbox.com
  7. "People still playing Halo 2 somehow" Eurogamer.
  8. Warmoth, Brian. "Apache N4SIR Outlasts Every Other ‘Halo 2′ Player On Xbox Live". MTV Multiplayer. MTV Networks. 11. mai 2010
  9. Good, Owen. "The Last Man to Play Halo 2 on Xbox Live". Kotaku.com. 10. mai 2010
  10. Mills, Matt (6. juli 2021), «Xbox: Special, Limited Editions and All Microsoft Models | ITIGIC», itigic.com (på engelsk), henta 12. juni 2022 
  11. Goodley, Alvin (24. juli 2021), «10 Rarest and Most Valuable Xbox Consoles Ever Made», Rarest.org (på engelsk), henta 12. juni 2022 
  12. Snaith, Kim (16. november 2021), «The Best Limited Edition Xbox Consoles», GameSpew (på engelsk), henta 12. juni 2022 
  13. Innsida av ein Xbox 360-kontroller, arkivert frå originalen 25. juli 2011, henta 11. august 2012 
  14. "Xbox 360 Wireless Controller Tour". IGN. 13. mai 2005.
  15. "Xbox's original beast of a controller making a comeback?". CNET. Henta 15. juni 2005..
  16. [Games of 2001. Game Informer (Januar 2002, s. 48).]
  17. "Top 10 Tuesday: Worst Game Controllers". IGN. 21. februar 2006.