Xbox 360

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xbox 360
Xbox-360-Consoles-Infobox.png
Venstre: Original Xbox 360
Høgre: Xbox 360 S med mindre design og kontroll.
Produsent Microsoft
Produktfamilie Xbox
Generasjon 7.
Utgjeve 2005
Einingar selde 67,2 millionar
Medium CD, DVD
CPU 3.2 GHz PowerPC Tri-Core Xenon
Mestseljande spel Kinect Adventures (18 millionar)

Xbox 360 er Microsoft sin oppfylgjar til spelekonsollen Xbox, og vart lansert 23. november 2005 i USA, 2. desember i Europa og 10. desember i Japan same år. Xbox 360 konkurrerer med PlayStation 3 samt spelekonsollen Wii frå Nintendo. 19. april 2011 hadde konsollen selt 67,2 millionar eksemplarar.[1]

Xbox 360 blei offentleggjort på MTV 12. mai 2005, med detaljert lansering og informasjon om spelet røpa seinare den månaden på Electronic Entertainment Expo (E3). Då konsollen vart gjeven ut blei han selt ut i alle regionar utanom i Japan. [2] [3] [4]

Kvit xbox 360.
Trådlaus handkontroll.

Mange funksjonar i Xbox 360 er i Xbox Live-tenesta som gjer spelarane løyve til å konkurrere direktekopla, laste ned arkadespel, speledemoar, trailere, TV-program, musikk og filmar og Windows Media Center multimediefunksjonar. Xbox Live tilbyr også spesifikk region tilgang til tredjeparts medium "streaming" program som til dømes Netflix og ESPN i USA eller Sky Go i Storbritannia.

På E3-presentasjonen 14. juni 2010, annonserte Microsoft eit nytt Xbox 360-design som ville sendast på same dag. [5] Det nye designet er slankare enn den førre Xbox 360-modellen, og har integrert 802.11 b / g / n Wi-Fi, TOSLINK S / PDIF optisk lydutgang, fem USB 2.0-porter (samanlikna med dei tre frå eldre versjonar) og ein spesiell AUX port . [6] Eldre modellar av Xbox 360 har sidan dette blitt stogga. [7] Den nyaste konsollen utgjeve har ein 250 GB harddisk, medan ein seinare billegare SKU har 4 GB intern lagringsplass.

Med kunngjeringa av Xbox 360 S, har Microsoft sagt at dei trur at konsollen er den einaste som er halvvegs gjennom livssyklus sin og vil fortsette gjennom 2015. [8][9][10] Development of the system has also been implied by updates Microsoft employees have made to their resumes, which state that they were working on the next Xbox console.[11]

Den 21. mai 2013 vart den tredje Xboxen, Xbox One, formelt annonsert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjend under utvikling som Xbox Next, Xenon, Xbox 2, Xbox FS eller NextBox [12], vart Xbox 360 skapt tidleg i 2003. [13] I februar 2003 byrja planlegginga av Xenon-programvareplattforma, som var leda av Microsofts visepresident J. Allard. [13] Microsoft haldt denne månaden ein hending for 400 utviklarar i Bellevue, Washington for å rekruttere støtte for systemet. [14] Peter Moore, tidlegare president i Sega of America, slutta i Microsoft. Den 12. august 2003, underteikna ATI på å produsere den grafiske prosessoreining for den nye konsollen, ein avtale som blei offentleggjort to dagar seinare. [15] Før lanseringa av Xbox 360, blei fleire Alpha utviklingspakkar oppdaga ved hjelp av Apples Power Mac G5 maskinvare. Det var fordi systemet sin PowerPC 970-prosessor køyrde same PowerPC-arkitektur som Xbox 360 etter kvart ville køyre under IBM sin Xenon prosessor. Kjernen av Xenon-prosessoren blei utvikla ved hjelp frå ein modifisert versjon av PlayStation 3 sin Cell-prosessor PPE arkitektur. Ifølgje David Shippy og Mickie Phipps, "skjulte" IBM tilsette arbeidet sitt frå Sony og Toshiba, IBMs partnarar i utviklinga av Cell- prosessoren. [16] Jeff Minter skapte musikkvisualiserings programmet Neon som følgjer med Xbox 360. [17]

Xbox 360 blei gjeve ut den 22. november 2005, i USA og Canada, 2. desember 2005 i Europa og 10. desember 2005 i Japan. Den blei seinare lansert i Mexico, Brasil, Chile, Colombia, Hong Kong, Singapore, Sør Korea, Taiwan, Australia, New Zealand, Sør-Afrika, India og Russland. Det fyrste året på markedet, vart systemet lansert i 36 land, fleire land enn nokon anna konsoll lansert i eit år. [18]

Spel[endre | endre wikiteksten]

Xbox 360 blei lansert med 14 spel i Nord-Amerika og 13 i Europa. Konsollen sitt bestseljande spel for 2005, Call of Duty 2, selde over ein million eksemplar.[19] Fem andre spel som selte over ein million eksemplar i konsollens første år på markedet er: Ghost Recon Advanced Warfighter, [20] The Elder Scrolls IV:. Oblivion, [21] Dead or Alive 4, [22] Saints Row, [23] og Gears of War. [24] Gears of War ville ha vert det mest selte spelet på konsollen med 3 millionar eksemplar i 2006, [25] før han blei forbigått i 2007 av Halo 3 med over 8 millionar eksemplar. [26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. "Global Xbox 360 sales down nearly 50% year-on-year • News • Eurogamer.net". Eurogamer.
  2. "Shortages spoil Xbox 360 launch". BBC News.
  3. "Xbox 360 Launch Takes Europe by Storm".
  4. "Xbox 360 Launch Takes Europe by Storm"
  5. http://venturebeat.com/2010/06/14/microsoft-to-launch-smaller-xbox-360-game-console/
  6. "Microsoft to Launch Smaller XBOX 360 Game Console."
  7. "New $200 Xbox 360 planned, Elite & Arcade getting $50 price cut". GameSpot. CBS Interactive. Retrieved 2010-06-17.
  8. Robinson, Martin (2009-06-04). «E3 2009: 360 to Stick Around Until 2015 - Xbox360 News at IGN». Uk.xbox360.ign.com. http://uk.xbox360.ign.com/articles/991/991485p1.html. Henta 2010-11-11. 
  9. Bunker, Adam (2010-06-21). «Xbox 720 set to launch at the E3 expo in June 2015 | T3 magazine». T3.com. http://www.t3.com/news/xbox-720-set-to-launch-at-the-e3-expo-in-june-2015?=46467. Henta 2010-11-11. 
  10. «New Xbox 360 (Xbox 360 'Slim') Delays Xbox 720 Till 2015 [Xbox 360 Presently 'Mid-Cycle' Says Microsoft: "We've Got at Least Another Five Years of this Generation"] » TFTS – Technology, Gadgets & Curiosities». Nexus404.com. http://nexus404.com/Blog/2010/06/21/new-xbox-360-xbox-360-slim-delays-xbox-720-till-2015-xbox-360-presently-mid-cycle-says-microsoft-weve-got-at-least-another-five-years-of-this-generation/. Henta 2010-11-11. 
  11. «Next generation Xbox pops up in Microsoft resumes». joystiq. http://www.joystiq.com/2011/10/10/next-generation-xbox-pops-up-in-microsoft-resumes/. 
  12. Smith, David (June 2004). «Microsoft Narrowing Down Xbox Successor's Name?». Ziff Davis Media. Arkivert frå originalen den 2007-05-17. 
  13. 13,0 13,1 Takahashi, Dean (2006-05-01). «Chronology of Xbox History, 2003». Mercury News. http://blogs.mercurynews.com/aei/2006/04/24/the_xbox_360_un/. Henta 2006-11-02. 
  14. Takahashi, Dean (2006-05-01). "Chronology of Xbox History, 2003". Mercury News.
  15. Becker, David (2003-08-14). "ATI wins bid for next Xbox". CNET.
  16. Jonathan V. Last (December 30, 2008). "Playing the Fool". Wall Street Journal.
  17. "Jeff Minter vs Xbox 360: how Microsoft bought the light synth vision". 5.juli 2005. The Guardian.
  18. Perry, Douglass (2006-10-17). "Microsoft Spreads 360 Love". IGN.
  19. Snider, Mike (2006-07-11). "WWII shows no battle fatigue". USA Today.
  20. [1] "Ubisoft Entertainment Reports Revenue For Fiscal Year 2005–2006"] (PDF). Ubisoft. 2006-04-27.
  21. Thorsen, Tor (2006-04-10). "Oblivion enjoying epic sales". GameSpot News. GameSpot.
  22. "Ubisoft Entertainment Reports Revenue For Fiscal Year 2005–2006" (PDF). Ubisoft. 2006-04-27.
  23. Kris Graft (2006-11-03). "Strong Quarter for THQ". Next-Gen.biz.
  24. Berardini, César (2006-11-21). "Gears of War Hits 1 Million Units Sold". TeamXbox.
  25. "Gears of War Juggernauts sells three million units". Xbox.com. 19.jan 2007
  26. Brendan Sinclair (1.Mars 2008). "MS: 17.7 million 360s sold". GameSpot.