Xbox Live
Xbox Live (varemerkebeskytta som Xbox LIVE [3]) er ein direktekopla fleirspelarmodus spele- og digitale medium leveringsteneste. Han er oppretta og drivast av Microsoft Corporation og er for tida den einaste direktekopla speletenesta for konsollar der brukarar må betale for å spele fleirspelarmodus gaming. Han var fyrst tilgjengeleg for Xbox-konsollen i november 2002. Ein oppdatert versjon var tilgjengleg for Xbox 360-konsollen etter at systemet blei lansert i september 2005. Tenesta er ein konkurrent av Sony sin PlayStation Network.
Tenesta var utvida i 2007 for Windows-plattforma, og vart kalla Games for Windows – Live , noko som gjer dei fleste aspekt av systemet tilgjengeleg på Windows-maskinar. Microsoft har annonsert planar om å utvide live til andre plattformar, til dømes mobiltelefonar, som ein del av Live Anywhere-tiltaket. [4] På Microsofts nye mobil operativsystem, Windows Phone, er Xbox Live- funksjonen med i Windows-telefonar som vart lansert sidan slutten av 2010. [5] Xbox Live vart avslutta for den originale Xbox-konsollen i mai 2010.
Xbox Live er tilgjengeleg som både ei gratis- og abonnementsbasert teneste, kalla Xbox Live Free [6] og Xbox Live Gold. Gold-tenesta har høvesvis fleire funksjonar. Før oktober 2010 var gratistenesta kalla Xbox Live Silver.[7]
Land Xbox Live er tilgjengleg i [endre]
I desse landa er Xbox Live tilgjengleg.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Xbox Live» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2012.
Fornotar [endre]
- ↑ "Countries with LIVE Service"
- ↑ "E32010: Xbox Live Rolling Out To Nine New Countries"
- ↑ "Microsoft Trademarks"
- ↑ "Imagine A Live Anywhere!"
- ↑ "Microsoft Unveils Windows Phone 7 Series"
- ↑ "Microsoft Renames Xbox Live Silver to 'Xbox Live Free'".
- ↑ "Xbox LIVE Membership | Xbox LIVE Subscription | Join Xbox LIVE"