Xenon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
54 JodXenonCesium
Kr

Xe

Rn
Xenon i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Xenon, Xe, 54
Kjemisk serie Edelgass
Gruppe, periode, blokk 18, 5, p
Tettleik, hardleik 5,9 kg/m3, (ikkje SI)
Utsjånad Fargelaus
Xenon
Atomeigenskapar
Atommasse 131,293 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) ? (108) pm
Kovalent radius 130 pm
Ioneradius (?) pm (ladning: 0)
van der Waals radius 216 pm
Elektronkonfigurasjon [Kr]4d105s25p6
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 18, 8
Oksidasjonstrinn (oksid) 0, +2, +4, +6 (svak syre)
Krystallstruktur Kubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Gass
Smeltepunkt 161,4 K (−111,8°C)
Kokepunkt 165,1 K (−108,1°C)
Molart volum 22200 cm3/mol
Fordampingsvarme 12,636 kJ/mol
Smeltevarme 2,297 kJ/mol
Damptrykk (?) Pa ved  K
Ljodfart 1090 m/s ved −110 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 2,6 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 158 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet (?) MS/m
Termisk konduktivitet 0,00569 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 1170,4 kJ/mol
2046,4 kJ/mol
3099,4 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
124Xe 0,1% 1,1×1017 år ε (?) 124Te
126Xe 0,09% (stabilt)
127Xe (kunstig) 36,4 døgn ε 0,662 127I
128Xe 1,91% (stabilt)
129Xe 26,4% (stabilt)
130Xe 4,1% (stabilt)
131Xe 21,29% (stabilt)
132Xe 26,9% (stabilt)
133Xe (kunstig) 5,243 døgn β 0,427 136Cs
134Xe 10,4% (stabilt)
136Xe 8,9% 2,36×1021 år 2×β (?) 136Ba
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Xenon er eit grunnstoff med atomnummer 54 og kjemisk symbol Xe. Det er ein fargelaus og luktfri edelgass. Små mengder xenon finst i atmosfæren.

Spesielle kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Som edelgass har xenon ingen valenselektron og er derfor som regel i gassform som sjeldan reagerer med andre atom. Xenongass samla i ein kolbe og tilført elektrisk lading vil gløda blått.

Ein har klart å skapa metallisk xenon ved hjelp av eit trykk på fleire gigapascal. Xenonmolekyl kan òg danna innesluttingssambindingar med vatn dersom dei blir fanga i eit nettverk av vassmolekyl.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Xenon vart oppdaga av William Ramsay og Morris Travers i 1898 som solide restar etter at flytande luft hadde fordampa. Namnet xenon er gresk og tyder utlending eller ukjend.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Xenon vert brukt i lysrøyr, der det gir ein blåfiolett farge.

I høge konsentrasjonar kan xenon brukast som narkosemiddel.

Den radioaktive isotopen 133Xe blir brukt i diagnose av lungefunksjon.

I dei siste åra har Xenon vorte brukt i romfart som drivmiddel i såkalla Ionemotorar. Her blir Xenon ionisert og sendt i stor fart ut av motoren. Slike motorar er drivne av elektisitet frå solpanel eller frå ein kjernereaktor, til skilnad frå kjemiske rakettmotorar der energien er i drivstoffet sjølv. Ionemotorar skil seg frå rakettmotorar ved at dei ha svært låg effekt men er svært effektive, og vil derfor kunne virke i lang tid av gangen. Slike mototar har vorte brukt blant anna I NASA sitt «deep impact»-program og i ESA sin SMART-1 sonde.

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Xenon er ureaktiv, kan ein likevel danne Xenonsambindingar med Fluor og Oksygen, slik som XeF2, XeF4, XeF6, XeO3 og XeOF4. Alle er kraftige oksydasjonsmiddel, og er kommersiellt tilgjengelege.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]