Xerox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

Xerox Corporation er ein amerikansk produsent av utstyr til dokumenthandsaming, grunnlagt i Rochester i New York i 1906. Xerox er den største leverandøren i verda av fotokopimaskinar. Xerox har hovudkontoret sitt i Stamford i Connecticut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den finske ministeren Kaarle Sorkio lèt klokka si bli kopiert av ein Xerocopy-maskin i 1965.

Xerox heitte opphavleg Haloid, og framstilte utstyr og papir til fotografi. I 1947 kjøpte Haloid retten til å utnytte xerografi og i 1956 lanserte Copyflo det første produktet basert på xerografi. Haloid skifta namn til Haloid Xerox og lanserte i 1959 Xerox 914, den første fotokopimaskinen i verda. Fotokopimaskinen vart ein stor suksess og i løpet av 1960-talet voks Xerox (som no var namnet til firmaet) kraftig.

I eit forsøk på å dominere teknologien til framtida (og marknader) for kontorutstyr grunnla Xerox forskingssenteret Xerox PARC. Xerox PARC vart eit av dei viktigaste sentera i verda for forsking på IT og datateknologi, men Xerox har aldri lukkast i å dra nytte av epokegjerande oppfinningar som Ethernet, laserprintar, Postscript, arbeidsstasjonar, grafisk brukergrensesnitt, m.m

Produkt og marknader[endre | endre wikiteksten]

Skrivemaskinen Xerox 6003.

Xerox sitt hovudprodukt har alltid vore kopimaskiner. Xerox hadde ei rekkje patentar som i starten gav firmaet nesten monopol på kopimaskiner. Produsentnamnet xerox vart difor på engelsk eit såkalla degenerert varemerke, det vil seie eit ord som vart brukt som nemning for alle tilsvarande produkt, altså for fotostatkopiar og kopiering generelt. Maskinene vart for det meste utleidd, noko som gav Xerox faste inntekter og ein stor serviceorganisasjon.

Då patenta byrja å gå ut på 1970-talet og 1980-talet vart Xerox utsett for stigande konkurranse frå især japanske selskap. Xerox freista å utvide marknaden sin til å omfatte alt kontorutstyr, men med lite hell. Xerox lanserte t.d. ein serie moderne skrivemaskinar i ein periode der teksthandsaming fekk overtaket og dei lanserte òg ein personleg datamaskin basert på 8-bitar CP/M, samstundes som IBM var klår med sin meir avanserte PC.

Då Xerox i same periode vart pressa i konkurransen av japanske selskap, som hadde lågare produksjonskostnader og høgare kvalitet, opplevde Xerox ein kriseperiode.

I 1980-åra og 1990-åra lukkast det Xerox å fornye produkta sine. Dei lanserte «digitale fotokopimaskinar», avanserte laserprintarar og system til handsaming av store dokumentsamlingar i digitalt format. Xerox fann i denne perioden opp att kopimaskina som ein kombinasjon av ein avansert laserprintar og ein skannar, med høve for å kople til ei datamaskin. Dette gav for ei tid Xerox eit stort forsprang i tilhøve til konkurrentane. Xerox produserer i dag òg flatskjermar.

Finansskandale[endre | endre wikiteksten]

I perioden 2000-2002 vart det avslørt at Xerox (i stil med andre store verksemder som Enron, WorldCom og Global Crossing) hadde drive med kreativ rekneskapsføring og dermed oppjustert rekneskapen sin. Formålet var å lure aksjemarknaden til å tru at overskotet var større enn det i røyndomen var.

Xerox hadde bokført leasing-kontraktar med fullt beløp i året der ein inngjekk den einskilde avtala. Dvs at ein t.d. bokførde ein 4-årig leasing-kontrakt det første året. Xerox er ikkje vorte dømt for dette, men har akseptert ei bot på 10 millionar dollar utan å erkjenne at dei har gjort nokre feil. Dette var ein avtale som firmaet inngjekk med SEC.

Struktur og namn[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei fleste multinasjonale firma er Xerox ikkje ei global verksemd. I Asia opptrer Xerox som Fuji Xerox, eit fellesføretak med japanske Fujifilm og i Europa tilsvarande som Rank Xerox, eit fellesføretak med engelske Rank Organisation.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]