Xerxes I av Persia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xerxes I av Persia

Konge av Persia, farao av Egypt (486 f.Kr.-465 f.Kr.)
Fødd519 f.Kr.
FødestadIran
Død465 f.Kr.
DødsstadPersia
MorAtossa
FarDareios I av Persia
EktefelleAmestris
BarnDarios, Histaspes, Artaxerxes I av Persia, Rhodogune, Amytis, Artario
FøregangarDareios I den store
EtterfølgjarArtaxerxes I

Xerxes I var ein persisk konge av Akamenide-dynastiet som regjerte frå 485 til 465 f.Kr. «Xerxes» er den greske forma av det persiske tronenamnet Khshayarsha eller Khsha-yar-shan som tyder «herskar av heltar». I den hebraiske bibelen korresponderer truleg den persiske kong Ahasverus (אחשורש Aḥashverosh, Ahasuerus på gresk) med Xerxes I. Josefus, derimot, identifiserte Ahasverus med Artaxerxes I.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Xerxes var son av Dareios I og Atossa, dotter til Kyros den store, og han vart oppnemnt som etterfølgjar av faren sin framfor dei eldre halvbrørne sine som vart fødde før Dareios vart konge. Etter at han fekk makta i oktober 485 f.Kr slo han ned opprøret i Egypt som hadde brote ut i 486 f.Kr. Han utnemnde broren sin Akamenes som satrap og førte Egypt under veldig strengt styre. Føregangarane hans, særleg Dareios, hadde ikkje hatt suksess i forsøka sine på å konsolidere dei antikke sivilisasjonane. Dette var truleg grunnen til at Xerxes i 484 f.Kr avskaffa kongedømet i Babylon og tok vekk gullstatuen av Baal (Marduk, Merodach), som den legitime kongen i Babylon måtte ta i på den første dagen kvart år og drap prestane som freista å hindre dette. Difor ber ikkje Xerxes tittelen konge av Babylon i dei babylonske dokumenta som er datert frå styret hans, men konge av Persia og Media eller enno enklare konge av landa (dvs av verda). Dette førte til to opprør, truleg i 484 f.Kr og 479 f.Kr

Dareios hadde etterlate oppgåva med å straffe grekarane for innblandinga deira i det joniske opprøret og sigeren ved Marathon til sonen sin. Frå 483 f.Kr klargjorde Xerxes ekspedisjonen sin med stort omhu. Ein kanal vart grave gjennom den smale landstripa på halvøya ved fjellet Áthos, forsyningar vart lagra i stasjonar langs vegen gjennom Thrakia og to bruer vart lagt over Hellespont. Xerxes fullførte ein allianse med Kartago og hindra dermed grekarane frå å få støtte frå dei mektige monarkane i Syrakus og Agrigentum. Mange mindre greske statar tok i tillegg persarane si side, særleg Thessalía, Theben (Thíva) og Argos. Ein stor flåte og ein talrik hær (nokre hevda at han var på over 2 millionar) vart samla. Våren 480 f.Kr sette Xerxes ut frå Sardis. I byrjinga sigra Xerxes overalt. Den greske flåten vart slått ved Artemisium, Thermopylae vart storma, Aten erobra og grekarane vart drivne tilbake til deira siste forsvarslinjer ved Korinth og i Saronicbukta. Men Xerxes vart overtydd av den slue meldinga til Themistokles (mot rådet til Artemisia av Halikarnassus) til å angripe den greske flåten under ufordelaktige tilhøve, i staden for å sende ein del av skipa sine til Peloponnes og avvente oppløysinga av dei greske våpna. Slaget ved Salamis 28. september 480 f.Kr avgjorde krigen. Etter å ha tapt sjøruta si til Asia, vart Xerxes tvinga til å trekkje seg tilbake til Sardis. Hæren han etterlét seg i Hellas under Mardonius vart i 479 f.Kr slått ved Plataea. Nederlaget til persarane ved Mycale vekte dei greske byane i Asia.

Dei manglande seinare åra[endre | endre wikiteksten]

Av dei siste åra til Xerxes er lite kjent. Han sende ut Satapes for å freiste å segle rundt Afrika, men sigrane til grekarane kasta imperiet inn i ein tilstand av sakte apati, som det aldri heilt klarte å kome seg ut av. Kongen sjølv vart involvert i intrigar i haremet og var avhengig av hoffet og evnukkar. Han etterlét inskripsjonar i Persepolis, der han bygde eit nytt palass i tillegg til Dareios sitt, ved Van i Armenia og på fjellet Elvend nær Ecbatana. I desse tekstene kopierer han stort sett orda til faren sin. I 465 f.Kr vart han myrda av vesiren sin, Artabanus, som sette Artaxerxes I på trona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Xerxes I av Persia