Xhosaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om folkegruppet. For språket, sjå xhosa.
Nelson Mandela, ein kjend xhosa.

Xhosa (utt. /ˈkǁʰoːsa/ (Audio ) er ei afrikansk folkegruppe hovudsakleg tilhøyrande i dei søraustlege delane av Sør-Afrika. Namnet «xhosa» seiast å kome frå ei legendarisk leiar kalla uXhosa. Han skal ha skilt Xhosafolket frå Ngunifolket i byrjinga av 1500-talet. Xhosafolket kallar seg sjølv for amaXhosa, og sitt eige språk for isiXhosa. Om lag 17,5 % av alle sørafrikanarar stammar frå xhosa-folket. Ved byrjinga av 2000-talet fanst det rundt 7,3 millionar xhosaer.[1]

Xhosafolket dreiv tradisjonelt med jordbruk og feavl. Xhosa-talande folk blir gjerne delt inn i undergrupper. Dei mest sentrale gruppene er frå aust xesibe, bhaca, mpondo, mpondomise, bomvana, thembu, gcaleka, rharhabe og fingo.[2] Xhosaene deler seg sjølv inn i patrilineære klanar knytt til ein stamme eller eit høvdingdøme.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Xhosaleiarane Nongqawuse og Nonkosi.

Xhosafolket er ei gruppe av ngunifolket, eit bantutalande folk som trekte sørover frå dei sentral-afrikanske områda under bantuekspansjonen. Dei slo seg ned i Kapp-provinsane, og hovudsakleg vart den austlege Kapp-provinsen, Zuurveld, xhosafolket sitt område. Her i områda mot Det indiske havet levde dei for det meste av jorda. Xhosafolket var veletablert her før nederlendarane koloniserte dei vestlege Kappområda.

Den nederlandske Kapp-kolonien utvida sine område og flytta grensa til Gamtoos-elva i 1770, og vidare til Great Fish River i 1778. Året etter støytte kolonibusetjarar og xhosafolket saman ved elva. Dette vart byrjinga på Xhosa-krigane som varte i rundt 100 år og enda med at dei blei innlemma i Det britiske imperiet.

Etter slaga ved Muizenberg i 1795 og Blouberg i 1806 tok britane over Kappprovinsane. Dette gjorde at områda vart enda meir pressa for plass. I 1834 vart slavane frigjevne, men vart påkravd fire års læretid. Same året starta den sjette grensekrigen. Britane dreiv boarane vekk, og dei trekte mot nordaust. Khoisanfolk slo seg saman med xhosafolket i 1852 og den åttande grensekrigen stod ved elva Kat.

I 1857 var kvinna Nongqawuse leiar for rharhabe-xhosaene, og ho lytta til ein profet som spådde at folket kom til å vinne att makt dersom dei slakta alle dyra og øydela avlingane. Denne feilslåtte profetien førte til at tusenvis av xhosaer døydde i hungersnaud.

Territoria til xhosaene blei redusert til provinsane Transkei og Ciskei på kvar side av Kei-elva. Under apartheidstyet i Sør-Afrika blei desse utnemnde til «heimland» for xhosaer, som blei nekta sørafrikansk statsborgarskap. På 1900-talet reiste mange xhosaer, hovudsakleg menn, til Johannesburg og andre stader i landet for å få arbeid.[1]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Xhosakvinner i tradisjonelle klede framfører ein song i Cape Town.
Foto: Chell Hill
Xhosabarn ved Transkei med xhosahytter i bakgrunnen.

Xhosafolket er kjend som svært habile songarar, og det finst stipendsystem for talentfulle songarar som ønskjer utdanning på dei betre skulane i kappområda. Det finst internat i Cape Town der dyktige songarar får kost, losji og skulegang mot å synge i skulekoret.

Tradisjonell musikk nyttar trommer, rangler, fløyter, munnharper og ulike strenginstrument. Xylofoner er eit noko meir moderne innslag. Gruppesong med klapping, dans og plystring er vanleg. Ulike rituelle hendingar har gjerne sin eigen song, og ein av dei mest kjende songane er ein bryllaupssong kalla Qongqongthwane, eller Click Song (klikkesongen, der klikkinga refererer til tungeklikkinga i xhosaspråket). Songen er gjort kjent internasjonalt av Miriam Makeba.

Dans er sentralt, og blir kombinert naturleg med song og musikk. Xhosadans kan vere inspirert av dyr og fuglar. Valdsame kroppsutslag og høge spark er ikkje uvanleg. Kraftig plystring kan bli kombinert med dansane.

Xhosakulturen nyttar gjerne sterke fargar, og i motsetnad til andre sørafrikanske folkeslag, målar dei hyttene sine i sterke fargar og gjerne i flotte mønster. Av tradisjonelt handverk finst perling av smykker og figurer, veving og keramikk. Dette er hovudsakleg kvinnearbeid, mennene driv med treskjering.

Kjende xhosaer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Xhosaer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Xhosa i Encyclopædia Britannica, vitja 13. april 2012
  2. everyculture.com Xhosa.