Xianning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landskap i Xianning
Plasseringa av Xianning (gul) i Hubei

Xianning (kinesisk: 咸宁; pinyin: Xiánníng) er eit byprefektur søraust i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i sørvest grensar til provinsen Hunan og i søraust til provinsen Jiangxi, har eit areal på 1 501 km² og i underkant av 2,5 millionar ibuarar i 2010.

Landskapet er prega av åsar og fjell, særleg i sørdelen, medan der er meir sletteland i norddelen, som ligg ved sørbreidda av storelva Chang Jiang.

Byprefekturet Xianning omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk og skogbruk er to hovudnæringar, her finst meir enn 25 millionar dekar med bambusskogar. Gruvedrift etter mineral som niob, gull, magnesium, antimon, monazitt, kull, mangan, vanadium, glimmer og marmor er vikitige for økonomien i byprefekturet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Xianning, omtala som Hubei sin port mot aust, har viktige jarnbanelinjer som Jingguangbana, mange motorvegar og eit langt, farbart stykke av elva Chang Jiang. Snøggtoget Wuhan-Guangzhou trafikkerer gjennom byprefekturet.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing sør til Shenzhen, og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Xianning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]