Xiantao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Xiantao (gul) i Hubei

Xiantao (kinesisk: 仙桃; pinyin: Xiāntáo) er ein subprefektur-by søraust i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Han er direkte understilt provinsregjeringa. Xiantao har eit areal på 2 538 km² og hadde 1,5 millionar ibuarar i 1999.

Dei to turnarane Li Xaoshuang og Yang Wei er begge frå Xiantao.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jarnvegen HankouYichang, ein snøggbane opna i 2012, stoppar i Xiantao.

Kinas riksveg 318, ein av Folkerepublikken Kinas lengste hovudvegar, går gjennom området. Vegen tek til i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu før han går inn i Tibet og Lhasa, og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]