Xijiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Xijiang og det andre bielvane til Perlefloda

Xijiang (kinesisk: 西江, pinyin: Xī Jiāng), er den vestlege tilførsleelva til Perlefloda i provinsen Guangdong i det sørlege Kina. Xijiang er 1 930 km lang og seglbar over lange strekningar. Ho er den lengste av bielvane til Perlefloda, og hennar lengde vert rekna inn i Perleflodas totale lengde på 2 193 km.

Langs Xijiang ligg mellom anna byane Wuzhou i provinsen Guangxi, og Zhaoqing, Gaoyao og Jiangmen i provinsen Guangdong. Xijiang har fleire bielvar, som Yu, Qian, Gui og Lijiang.